Calderonebreen (italiensk Ghiacciaio del Calderone) er ein isbre i Gran Sasso d’Italia i Abruzzo i Italia, like nedanfor Corno Grande, den høgaste toppen i Apenninane.
Då Corral de la Veleta-breen (37° N) i Sierra Nevada i Spania forsvann i 1913 vart «Il Calderone» den sørlegaste isbreen i Europa (42°28′N 13°33′E / 42.467°N 13.550°E). I dag trekk breen seg tilbake og om smelteprossessen held fram som i dag vil breen forsvinne heilt innan 10-15 år.
I 1794 vart volumet til Calderonebreen estimert til over 4 millionar kubikkmeter, i 1916 hadde volumet minka til 3,3 millionar kubikkmeter og i 1990 til 360 931 kubikkmeter. I 1998 varsla italienske breforskarar at Caldronebreen kom til å forsvinne heilt innan nokre tiår.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Calderonebreen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.