Breiformat (engelsk widescreen) er nemninga på filmformat som har breiare biletrute enn 1,37:1 (breidde/høgd).
35mm-film, som er vanleg i kinoproduksjon, har eit breiddeforhold på 1,37 gonger høgda (til samanlikning er eit fjernsynsbilete 1,33:1). For å gjere biletet breiare, blir toppen og botnen maskert – anten ved at svarte striper er innfelt i filmrullen, eller ved at lerretet delvis tildekkast i kinosalen.
I Europa har formatet 1,66:1 vore vanleg, medan amerikansk kinofilm lenge har operert med 1,85:1. I dag er sistnemnde mest brukt begge stader. TV-apparat i det breie 16:9-formatet ligg omtrent midt mellom desse to. Filmformat frå 2:1 og utover nyttar andre teknikkar og blir kalla som regel Cinemascope.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Breiformat, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.