Bolsjezemelskaja Tundra er ei åslendt slette med mange morener mellom elvane Petsjora og Usa, Uralfjella og Paj-Khoj i Arkhangelsk oblast og Republikken Komi i Russland.
Høgda på sletta ligg om lag 100-150 meter over havet, men enkelte område ligg rundt 200-250 meter over havet. Frå Khajpudyrbukta til munningen av elva Tsilma ligg ein rygg kalla Zemljanojryggen.
Klimaet er subarktisk med lange kalde vintrar (middeltemperaturen i januar er 16 ºC i nordvest og ned til -20 ºC i søraust) og ein kort, kjølig sommar (middeltemperaturen i juli varierer frå 8 til 12 ºC), og kvar månad av året kan få frost. Den årlege nedbøren varierer frå 450 mm i sør til 250 mm i nord.
Elvane, hovudsakleg sideelvar av Petsjora og Usa, renn i stryk i smale dalar og vert etter kvart rolegare når dalane vert breiare. Dei største elvane er Sjapkina, Kolva og Adzva. Sletta inneheld òg mange innsjøar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bolsjezemelskaja Tundra, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.