Bo Ericson (28.
januar">28. januar 1919–14. februar 1970) var ein svensk friidrettsutøvar frå Göteborg som vart europameister i sleggjekast i 1946.
Bo Ericson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 28. januar 1919 Göteborg |
Død | 14. februar 1970 (51 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Ericson sette svensk rekord i sleggjekast med 56,66 meter den 14. september 1941. Same året vann det fyrste av fem rake svenske meisterstitlar i greina. Den 22. august 1946 vann han sleggjetevlinga under friidretts-EM på Bislett stadion i Oslo med eit bestekast på 56,44 m.
6. august 1947 forbetra Ericson den svenske rekorden til 57,19 m, ein rekord som stod i ni år. Same sesong byrja han på ein ny fem år lang sigerrekke i den svenske friidrettsmeisterskapen. Han deltok i Sommar-OL 1948 i London, der han enda på sjettplassen etter å ha kasta 52,98 m. I 1953 vann han si siste SM-medalje i sleggjekasting og stod att med 10 nasjonale gull, to sølv og tre bronsar.
Ericson døydde 61 år gammal i Karlstad.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bo Ericson, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.