Ein blindpassasjer er ei nemning på ein person som i løyndom reiser med eit transportmiddel, som eit skip, fly, tog, lastebil eller buss.
Stundom er føremålet å kome seg frå ein plass til ein annan utan å betale for transporten. I andre tilfelle er målet å kome seg inn i eit land utan å ha lovleg visum først eller andre løyve. Blindpassasjerar skil seg frå menneskesmugling ved at blindpassasjeren må halde seg skjult for dei som er ansvarleg for transportmiddelet, som ein lastebilsjåfør, skipsmannskap eller liknande.
Tusenvis av blindpassasjerar har reist over sjø eller land dei siste hundreåra. Eit fåtal har prøvd seg som blindpassasjerar på fly, og mange som har vore blindpassasjerar har døydd under forsøket, særskild under lange flyturar. Typiske skjulestadar er lasterom, rom der bagasje vert teke vare på eller i hjulbrønnen på flyet.
Ulike land, lovar og selskap handsamar blindpassasjerar ulikt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Blindpassasjer, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.