Birkebeinar: Politisk gruppering i Noreg i mellomalderen

Birkebeinane eller birkebeinarane (frå norrønt: birkibeinn) var ein opprørsflokk og eit politisk «parti» i borgarkrigstida i Noreg.

Birkebeinar: Politisk gruppering i Noreg i mellomalderen
Måleriet Birkebeinerne av Knud Bergslien fra 1869 syner birkebeinane Torstein Skevla og Skjervald Skrukka som fraktar kongssonen Håkon Håkonsson til Nidaros i 1206.

Namnet sitt hadde dei frå det at det var så dårleg stell med fottøyet deira, fattige og forkomne som dei var, at dei surra bjørkenever rundt føtene for å halda varmen.

Birkebeinane var opphavleg ein opprørsflokk av småfolk som slutta opp omkring tronkrevjaren Øystein Øysteinsson Møyla på midten av 1170-talet. Med kong Sverre Sigurdsson kom birkebeinane til makta i 1177, men fekk ikkje full kontroll før valet av Sverre sin soneson Håkon Håkonsson i 1217. Mindre stridar heldt fram til 1223, og eit siste opprør av hertug Skule Bårdsson vart knust i 1240. Birkebeinane og Sverreætta sat med makta til 1319.

Birkebeinerrennet og Birkebeinerrittet

I moderne tid vert skirennet Birkebeinerrennet og sykkelrittet Birkebeinerrittet skipa til. Kvart år går ferda frå Østerdalen til Gudbrandsdalen. Tilskipingene er til minne om birkebeinane si ferd over fjellet i 1206.

Håkon Sverresson var leiar for birkebeinane og konge av Noreg frå 1202 til 1204. I den korte regjeringstida si hadde han nedkjempa baglarane sitt kongsemne og forlikt seg med biskopane, som hadde vore i eksil. Håkon døydde tidleg og ugift, utan nokon klar arving. Dermed starta ei ny baglar-reising, som førte til ei deling av landet, med eit baglar-kongedøme på Austlandet og rundt Oslofjorden, og eit birkebein-kongedøme på Vestlandet og Trøndelag.

Håkon Håkonsson vart fødd i område som vart kontrollert av baglane, og det at han var son til ein birkebeinarkonge sette både han og mora i ein svært farleg situasjon. Difor flykta ho nordover med guten, mot Trøndelag. Birkebeinerrennet og Birkebeinerrittet er til minne om ein del av denne ferda i 1206, då birkebeinane Torstein Skeivla og Skjervald Skrukka bar kongssonen med seg på ski gjennom dårleg ver for å bringa han i tryggleik.

Tags:

BorgarkrigstidaNoregNorrønt

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ScrabbleSki-VM 2019SvartehavetVevdesignDeterminativIrritasjonHotel Union ØyeKasakhstan2004NasjonalrettMultiplexerJo NesbøDavid HilbertEyvind JohnsonByte i informatikkLønnRekreasjonRådyrRomarriketDonauMeter per sekundSør-KynouríaMatriks i geologiPiknikkorgTsjetsjeniaWikiNordland MållagHarry PotterAnne-Sophie MutterStorbritanniaSomaliaIslandske nasjonaldrakterJordskorpeplateMärtha av NoregKarikaturJordskokkTejéaMeklozinRusslandKelvinCamilla CollettFjell i NoregSjantiMellomalderenIvar AasenFranz LisztPlaneten MarsNordkjosbotn videregående skole / Gárgána joatkkaskuvlaCristiano RonaldoY1107Symbol i hinduismenMusikkgruppa KansasOsloRudolf BlodstrupmoenNye SverigeUN-nummerDiktStyresettBlekinge länTilsynelatande storleiksklasseMedianLerkMidgardsormenJean-Claude JunckerZevsHank LocklinClaudio MonteverdiAlpin tundraViggo MortensenKnut Marius DjupvikAndrej Krautsjanka🡆 More