Østerdalen

Østerdalen, av og til Østerdalene, er eit dalføre og distrikt som ligg i Hedmark i Innlandet fylke.

Østerdalen omfattar elvedalen utskoren av Glåma frå nordgrensa til Hedmark fylke og sørover til Elverum. Sør for Elverum kallast dalføret Glåmdalen.

Østerdalen
Østerdalen
Land Østerdalen Noreg

Østerdalen
61°34′33″N 11°05′14″E / 61.575916666667°N 11.087111111111°E / 61.575916666667; 11.087111111111

Dei største sidedalane er Rendalen, Folldal og Atndalen. Østerdalen er dei fleste stader temmeleg brei, og blir rekna som Sør-Noregs største dalføre.

Dalen var tidlegare delt i to futedøme som framleis er brukt som regionsnemningar, Sør-Østerdal og Nord-Østerdal. I dag femner Østerdalen kommunane Rendalen, Engerdal, Alvdal, Folldal, Tynset, Tolga, Os, Elverum, Trysil, Åmot og Stor-Elvdal.

Distriktet Østerdalen omfattar òg sidedalane og Kvikne, Engerdal og Trysil, som ikkje har avløp til Glåma. Østerdalen er prega av rolege landskapsformer og avrunda fjell. Dalføret er for det meste dekt av furuskog. Typisk for Østerdalen er at store delar av skogbotnen er dekt av reinlav, særleg arten kvitkrull.

Østerdalen har eit samla areal på 19 389 kvadratkilometer med 50 122 innbyggarar (1. juli 2009), fordelt på elleve kommunar (sjå under).

Historie

Østerdalen var tidleg folkesett av samar, som mellom anna levde av elgjakt. Norrøne bønder kom til i laupet av jernalderen. Dei fortrengde etterkvart samane, som gjekk over til å livnæra seg ved reindrift.

Regionale inndeling

Østerdalen vert ofte delt inn i Sør-Østerdal, med Elverum som sentrum, og Nord-Østerdal, med Tynset som sentrum.

Geistleg inndeling

Begge desse prostia ligg under Hamar bispedømme.

Judisiell inndeling

Begge desse tingrettane ligg under Eidsivating lagdømme.

Interkommunal inndeling

  • Sør-Østerdal regionråd: Elverum, Åmot, Stor-Elvdal, Trysil og Engerdal.
  • Fjellregionen: Rendalen, Tynset, Alvdal, Folldal, Tolga og Os, i tillegg kjem Røros i Sør-Trøndelag fylke.

Tidlegare sivil inndeling

  • Søndre Østerdalens fogderi: Elverum, Åmot, Stor-Elvdal og Trysil.
  • Nordre Østerdalens fogderi: Rendalen, Alvdal, Folldal, Tynset, Tolga, Os og Engerdal.

Begge desse fogderia låg under Hedemarkens amt.

Samferdsel

Østerdalen er ei hovudferdselsåre mellom Oslo og Trondheim med både veg (Riksveg 3) og jernbane (Rørosbanen).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Østerdalen HistorieØsterdalen Regionale inndelingØsterdalen SamferdselØsterdalen KjelderØsterdalen BakgrunnsstoffØsterdalenDalføreDistrikt i NoregElvedalElverumGlåmaGlåmdalenHedmarkHedmark fylkeInnlandet fylke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Marie AntoinetteHindutempelVictoria av StorbritanniaAC/DCHøgaste fjell i EuropaNorsk folkedansÅAfroamerikansk litteraturDanmarkCountryGina GogeanSang til BergenBjørnøyaEirin FaldetAngstKelly ClarksonHaram kommuneØLovJernsulfatRagnhild GulbrandsenDen dominikanske republikkenElvis PresleyAndre verdskrigenPromakhónasLJoachim av DanmarkIndonesiaKirkeristenAndPensjonByar i NederlandNaturSneppålPeer Gynt-prisenMarco PoloCarl I. HagenJohannes BarstadErling Braut HaalandGuru Ardjan DevDUF-nummer17. aprilPatentPetrítsiEuropaCowboy-LailaArne DokkenMekkaHar SedomBerlinmurenNazismePrositTjeldKari Werner ØfstiStorsnøstjerneEddadiktMåltidHelena Bonham CarterPeter Wessel TordenskjoldMNatriumAl-KhwarizmiCoComDen franske revolusjonenRasmus SundeAustraliaSlapsDesiDompapSlaveOrSilvestre y La NaranjaJanne HolménPannemerke i hinduismen🡆 More