Bikiniatollen (marshallesisk Pikinni, 'kokosnøttstaden') er ein atoll, ei samling koralløyar, i Marshalløyane i Stillehavet.
Atollen er best kjend for atomprøvesprengingane som blei utført der av USA frå 1946 til 1958. Testane gjorde at bikinibuarane måtte slå seg ned andre stader, sjølv om det er mogleg at dei kan dra tilbake ein gong i framtida. I 2010 blei prøvesprengingsstaden teken med på UNESCO si verdsarvliste. Klesplagget bikini er også kalla opp etter atollen på grunn av prøvesprengingane.
Bikiniatollen ligg nord i Ralik-kjeda, rundt ca. 850 km nordvest for hovudøya i Marshalløyane, Majuro. Atollen omfattar 23 øyar rundt ein lagune, og dekkjer rundt 8 km². Dei største øyane er Bikini, Eneu, Nam og Enidrik.
Bikiniatollen kom under styret til den amerikanske marinen i 1944. Bikinibuarane blei evakuerte frå øyane i 1946, før USA byrja atomprøvespreningar. Atollen blei opna for tilbakeflytting i tidleg på 1970-talet, men stråleskader førte til at dei måtte evakuerast på nytt. Dei fleste av dei opphavlege bikinibuarane (ca. 2700) lever no på Majuro og Kili lengre sør i øygruppa, i tillegg til at ein del har utvandra til mellom anna USA. Det er i dag ikkje farleg for folk å vera på Bikini, og det går an å vitja staden. På grunn av radioaktive stoff i jorda kan ein likevel framleis ikkje eta noko som veks der. Det er etablert noko turistverksemd på atollen, særleg knytt til vrakdykking. Ved årsskiftet 2000/2001 hadde atollen 167 innbyggjarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bikiniatollen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.