Bershawn Jackson (fødd 8.
mai">8. mai 1983) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Miami som vart verdsmeister på 400 meter hekk i 2005 og i tillegg var me å vinne VM-gull i 4 x 400 m stafett både i 2009 og 2011.
Bershawn Jackson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 8. mai 1983 (40 år) Miami |
Idrett | friidrett, sprintløp, hekkeløp |
Tok del i |
Jackson sette personleg rekord i 400 meter hekk med tida 47,86 sekundar i eit stemne i Monaco i september 2004. Året etter gjorde han sitt livs beste løp på langhekken då han vann øvinga under VM i friidrett 2005 i Helsinki, klokka inn på 47,30. I den neste verdsmeisterskapen i 2007 rauk han ut i semifinalane, der han tom for krefter snubla i den siste hekken.
Under Sommar-OL 2008 i Beijing tok Jackson bronsen på 400 meter hekk, einast landsmennene Angelo Taylor og Kerron Clement sprang fortare. Også frå VM i Berlin året etter reiste Jackson heim med bronse frå hekkeløpet, etter han slo fjerdemann med 0,03 sekund. I den same meisterskapen sprang han også ein etappe då USA kvalifiserte seg til finalen i 4 x 400 m stafett, men vart vraka frå finalemannskapet som seinare vann ein suveren siger. Under verdsmeisterskapen 2011 derimot fekk Jackson springe den andre etappen på USA sitt vinnarlag på den lange stafetten, VM-tittelen vart sikra med eit halvt sekunds margin til Sør-Afrika sitt mannskap. Dei andre stafettløparane til USA var då Greg Nixon, Angelo Taylor og LaShawn Merritt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bershawn Jackson, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.