Kerron Stephon Clement (fødd 31.
oktober 1985) er ein trinidadisk-amerikansk friidrettsutøvar frå Port of Spain i Trinidad og Tobago. Han vart verdsmeister i 400 meter hekk i 2007 og 2009 og olympisk meister i 2016, alle gongane som representant for USA.
Kerron Clement | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 31. oktober 1985 (38 år) Port of Spain |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016, Panamerikanske leker 2015 |
Clement vart USA-amerikansk statsborgar i 2004. Same året vann han 400 m hekk ved junior-VM i friidrett. Den 26. juni 2005 sette han personleg rekord i øvinga med tida 47,24 sekundar, oppnådd i Carson i California. Han levde ikkje opp til favorittstempelet under verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki og enda på fjerdeplass i finalen.
Sommaren 2007 forbetra Clement den personlege rekorden på 400 meter til 44,48 sekundar under eit stemne i Stockholm den 7. august. Han beheldt forma og vann ein klar siger i spesialøvinga 400 meter hekk då friidretts-VM fann stad i Osaka tre veker seinare. Året etter fekk Clement OL-sølv på langhekken under Sommar-OL i Beijing, der lagkamerat Angelo Taylor var heilt suveren i finalen.
Clement forsvarte verdsmeistertittelen på 400 meter hekk då VM i friidrett 2009 fann stad i Berlin. Han vann elles gullmedalje nummer to i meisterskapen då han sprang den andre etappen for USA i 4 x 400 meter stafett, dei andre på laget var Angelo Taylor, Jeremy Wariner og LaShawn Merritt.
Etter nokre svakare sesongar kom Clement tilbake i verdseliten i 2015, men var eitt hundredels sekund for seint ute til å kapre bronsemedaljen på langhekken ved VM i friidrett i Beijing. Derimot lukkast han overmåte godt då han stilte til start i dei olympiske leikane 2016. I ein jamn hekkefinale braut Clement målsnora på tida 47,73 sekundar, fem hundredels sekund framom kenyanaren Boniface M. Tumuti.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kerron Clement, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.