Bernt Andreas Støylen (fødd 17.
februar">17. februar 1858 Sande på Sunnmøre, død 18. november 1937) var ein norsk prest, teolog, salmediktar og barnebokforfattar. Han var biskop i Agder bispedøme frå 1913 til 1930.
Bernt Støylen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. februar 1858 Sande kommune |
Død | 18. november 1937 (79 år) |
Yrke | prest, lyrikar, omsetjar |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Born | Kaare Støylen |
Bernt Støylen på Commons |
Støylen var fødd og oppvaksen på garden Støylen på Kvamsøya i Sande på Sunnmøre. Han tok i I 1873 tok han til på ein «høiere almue- og lærerskole» i Volda. Tre år seinare tok han artium etter han i Kvinnherad fekk privatundervising.
Han vart i 1885 cand. theol. ved universitetet i hovudstaden. Ei kort tid var han styrar for Norsk Barneblad. Etter ei tid som personalkapellan var han i åra 1890-95 sjømannsprest i Cardiff i Wales. Deretter var han styrar av Notodden seminar fram til 1902. Frå 1902 til -14 var han hovudlærar ved Det praktisk-teologiske seminar ved universitetet i Kristiania. Han var medlem av kyrkjekommisjonen av 1908 og gjekk då inn for ei fri folkekyrkje.
I mange teologiske spørsmål høyrde Støylen med mellom dei konservative i norsk kristenliv. Men etter han i 1923 ordinerte den omstridde Jens Gran Gleditsch til biskop, opplevde han å verte utfrosen or mang ein kristen-leir.
Han skreiv ei nynorsk lesebok, ABC, i fire band og samarbeidde med Nordahl Rolfsen om hans store lesebokverk. Støylen si Norske barnerim og leikar frå 1899 er framleis den største publiserte samlinga av barnerim i Noreg. Støylen var formann i den nemnda, med Støylen, Peter Hognestad og Anders Hovden, som stod føre utgjevinga av Nynorsk salmebok i 1927. 62 av salmane hans var med der. Mange av Støylens salmar vert i dag sjeldan sunge i den norske kyrkja. Derimot syng ein mange av hans omsette salmar. Han vert halden for å vere ein framifrå omsetjar, kanskje den fremste nynorskspråklege gjendiktaren av salmar.
Støylen tok del i målreisinga, fyrst og fremst gjennom si forfattarverksemd. Han var og aktiv i fråhaldsarbeidet, formann i Det Norske Totalavholdsselskap. Også misjonsarbeidet hadde ein støttespelar i Støylen.
Han var far til biskop Kaare Støylen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bernt Støylen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.