Bøddel er ein person som har som yrke eller oppgåve å setje i verk dødsdommar, det vil seie å avretta dei som er dømde til dødsstraff.
Ofte var det òg bøddelen som skulle pine dei som skulle avhøyrast under tortur, eller dei som skulle torturerast i samband med avrettinga. Sjølv i vår tid kan det vere utvalde personar som har som fast oppgåve eller yrke å stå for avretting i land som framleis nyttar dødsstraff.
Skarprettar (frå lågtysk) er ein bøddel som nyttar øks eller sverd som reiskap. Skarprettar var den offisielle norske nemninga for den som avliva folk som vart dømde etter straffelova til å døy.
Nemninga bøddel vert òg nytta i daglegtalen om ein særs brutal person.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bøddel, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.