Ave Maria

Ave Maria eller Ver helsa, Maria, òg kalla «Englehelsinga», er ei katolsk bøn retta til Jomfru Maria.

Dei første fire linene er henta frå engelen Gabriels helsing til Maria i Evangeliet etter Lukas. Dei tre siste linene er ei bøn om Marias forbøn. Bøna vert bruka både for seg sjølv og i kombinasjon med andre bøner, og er den mest framtredande delen av rosenkransbøna. Ave Maria er òg sentral i angelusbøna.

Bøna fekk ei sterk stilling i seinmellomalderen. Ho vart sungen fleirstemmig, som regel til ein gregoriansk melodi, alt på 1100-talet. I romantikken fekk ho ny aktualitet, mange komponistar har tonsett songen, spesielt kjende er Franz Schuberts opus 52/6 og Charles Gounods «Méditation», ein tilkomponert melodi over Bachs «Preludium nr. 1» (1722). I den katolske salmeboka Lov Herren er ho teken med på nr. 755 med tone av Kirsten H. Jørgensen.

Teksten

    Nynorsk tekst:
    Ver helsa, Maria, du som har fått nåde,
    Herren er med deg.
    Velsigna er du mellom kvinner,
    og velsigna er ditt livs frukt, Jesus.
    Heilage Maria, Guds mor,
    be for oss syndarar,
    no og i vår dødstime.
    Amen.
    Bokmålstekst:
    Hill deg, Maria, full av nåde,
    Herren er med deg,
    velsignet er du iblant kvinner,
    og velsignet er ditt livs frukt, Jesus.
    Hellige Maria, Guds mor,
    be for oss syndere,
    nå og i vår dødstime.
    Amen.
    Latinsk tekst:
    Ave Maria, gratia plena
    Dominus tecum, benedicta tu
    In mulieribus et benedictus
    Fructus ventris tui Iesus.
    Sancta Maria, Mater Dei,
    Ora pro nobis peccatoribus,
    Nunc et in hora mortis nostrae.
    Amen.

Kjelder

Tags:

Den katolske kyrkjaJomfru Maria

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det skeive tårnet i PisaDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenAda LovelaceDødSandsøyaFader vårKanye WestTorpoVM i skiskyting 2021PintAleksander I av RusslandBokstaveringsalfabetSS LazioAstatHervør PálsdóttirPaddene i AustefjordenPRISMNord-IrlandPersiskLundefuglPokljukaArnanipatunnelenAsker kommuneRusslandTokyoNordland fylkeAdjøEl GrecoBjørnDavid CameronSvartedauenVaktlarLionel MessiAust-Agder fylkeClarksvilleVestlandetHenrik IbsenAli Baba og dei førti røvaraneGustav StrømsvikUndergrunnsbanen i LondonVerdsarvUstedalenGreenwich middeltidEvangerAndregradslikningPALOPMartin ØdegaardBulgarsk geografiErling SkakkeTre Små KinesereMax ManusJarnbanetogAn-MagrittHollandHarald V av NoregSlaveJohannespasjonen av BachCosta RicaSionFylkeFrihetens regnGramDen norsk-russiske grensaFloyd CramerSatyajit Ray27. marsSilvestre y La NaranjaVangsgutaneROBEKOstrovSunnmøreIALA maritime bøyesystem🡆 More