Gregoriansk Song

Gregoriansk song er den vanlege nemninga på ein religiøs songstil som rådde grunnen i den katolske kyrkja i mellomalderen.

Songen vart rekna som heilag, og vart framført utan instrument. Stilen var nytta til avsynging av alle ledd i messa, til salmesong, og til æring av heilage menn og kvinner (hymner). Songen hadde si største blømingstid mellom 800 og 1300, men voks fram alt frå 500-talet. Tradisjonen seier at songstilen vart skipa rett av pave Gregor den store, som og fekk namnet sitt knytt til songen.

Gregoriansk Song
Cantate Domino canticum novum ('Syng ein ny song for Herren'). Illustrasjon til Salme 98 frå rundt 1400.
Soloframføring av Improperia, eit liturgisk songparti brukt under hovudgudstenesta langfredag.

Røter

Gregoriansk Song 
Salmebok frå Åbo frå 1300-- eller 1400-talet.

Fram til 800 var det fleire ulike songtradisjonar innanfor kyrkja, tufta på lokal stilkjensle. Den gregorianske songen var ein freistnad på å einsrette kyrkjesong og liturgi. Dette verket vart mellom anna stødd oppunder av keisaren Ludvig den fromme, son av Karl den store. Røtene til songstilen er å finne i den religiøse songen som var nytta i synagogen, og dei eldste røynlege hymnene skriv seg attende til 300-talet. Stilen voks fram over lang tid. Den første noteskrifta vart utvikla for å kunne skrive ned denne musikken frå om lag år 1000 og frametter.

Standardreportoaret

Standardreportoaret i den gregorianske songtradisjonen vart fastsett i Frankrike i tida etter 800. Denne fastsettinga tok utgangspunkt i den politiske semja mellom kongane av Franken og pavestaten etter 752. Frankarkongane skulle innføre den romerske liturgien i sine område som ei gjentenest for at paven hadde stødd det karolingiske kravet på den frankiske krona. Den eldre gallikanske songen som hadde rådd i landet til då, vart vraka. Karl den store streva heile styringstida si med å få dette til, men det var ikkje ei lett sak å få kyrkja einsretta. Prestane ønskte mellom anna ikkje å blande dei to liturgiske tradisjonane, og stritta imot.

Historikarane har drøfta korleis det gregorianske standardreportoaret vart til. Nokre hevdar at det var eit medvete tiltak frå dei frankiske kongane, ei omarbeiding av det opphavleg romerske reportoaret som nå vart innført i frankarriket (med noko innskot av gallikansk stoff). Dette har det vore vanskeleg å finne reine prov for, mest av di det gallikanske stoffet berre overlevde i fragment. Kjeldene til standardreportoaret finst for det meste i franske, sveitsiske og nordtyske kloster, ingen andre stader. Det finst ikkje tilsvarande kjelder i Roma eller andre stader i Italia. Ein bein samanheng med den eldre romerske songen er då heller ikkje lett å påvise. Det er ikkje mange i dag som fester lit til at songen har med pave Gregor å gjera. Det har vore hevda at ein seinare pave, Vitalius, skal ha vore pådrivar for denne musikalske utviklinga.

Standardreportoaret finst i form av liturgisk song til dei faste messeledda, og i form av songar til dei faste årshøgtidene i kyrkja. Desse høgtidene er delt i to luter, festar for Gud (Temporale), og festar for helgenar (sanctorale). Temporale tek alle søndagane i året, og andre høgtidsdagar som jul og påske. Festane er delt i to ulike slag gudsteneste: messe og officium eller tidebøn (faste tider på dagen). Tidebønene er det åtte av. Hymnane er for det meste knytte til tidebønene. Tekstreportoaret er for det meste henta frå bibelen, mykje frå salmane.

Teoretisering

Med tida vart det utvikla ei stor mengd teoretiske skrifter og ulike traktatar om denne songstilen, som voks i mange leier. Mykje av det teoretiske arbeidet vart lagt ned i kyrkjetoneartane, som var det musikalske grunnlaget for songen. Det vart vanleg med ulike slag utbroderingar (tropering og Conductus), og å synge meir fleirstemmig. Omslaget til fleirstemmig song kom med Notre Dame-skolen i Paris kring 1200.

Sjå og

Eldre stilartar

  • Gallikansk song
  • Besarabisk song
  • Gamalromersk kyrkjesong

Bakgrunnsstoff

Gregoriansk Song  Commons har multimedium som gjeld: Gregoriansk song
Gregoriansk Song  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Gregoriansk Song RøterGregoriansk Song StandardreportoaretGregoriansk Song TeoretiseringGregoriansk Song Sjå ogGregoriansk Song BakgrunnsstoffGregoriansk Song500-taletDen katolske kyrkjaHeilagHymneInstrumentMellomalderenPave Gregor den storeSalme

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det norske flaggetFrikjeldeetterretningHerjedalenLangfredagsfjære2. aprilWalesEngerdal kommuneROBEKErling Braut HaalandIndiaUkrainaHundorpHertuginneGe'ezEirik RaudeEpídavrosDr. JohnRay CharlesJonas Strand GravliAnne Lise Gjøstøl2021Stord kommuneVietnamkrigenBibelbeltetMusikkgruppa ChipsSigurd NesdalTornedalenTolvfingertarmMaskorama (sesong 4)NordaustpassasjenAsteroidemåneScrabbleAkershus fylkeSpotifyNeville SouthallHollandGuvernørKarbonRenaultVM i skiskyting 2020Waffen-SSEinar FørdeSkottland2012-fenomenetCosta RicaStorfuglLukkeHenningsværbrueneOtto JespersenHeradMalawiPyramidekabalFredrik II av PreussenTorstein FlakneSofia av Sverige14. septemberLill LindforsTurn under Sommar-OL 1980Thornton WilderPrimstavSkandinaviaNamnedagBrest i Frankrike13. februarA Whiter Shade of PaleFonetisk alfabetGoogolHaltenbankenFlukta frå DyreskogenBergenGrosgrain-stanInnsjøar i SverigeÅkernesetOmanSovjetunionens kommunistiske parti🡆 More