Atelier (uttalt atelié eller atlié, frå fransk for fransk ‘verkstad’) er arbeidsrommet, studioet eller verkstaden til ein biletkunstnar, fotograf eller ein annan kreativ utøvar.
Nemninga blir òg brukt om arbeidslokale for kunstindustri og enkelte typar skredderi og finare systover. Tilgang på naturleg lys er ofte viktig i eit godt atelier.
Ateliers libres var uformelle akademi som utvikla seg på 1800-talet; der det blei skaffa modellar, men ikkje gitt noka undervisning. Desse var ettertrakta av avantgarde-kunstnarar. Charles Gleyre sitt atelier blei brukt som møtestad for unge Monet, Renoir og Sisley, og det finst ei levande skildring av den uformelle omgangsforma i George du Maurier sin roman Trilby (1894).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Atelier, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.