Alhambra (arabisk الحمراء, transkribert al-Ḥamrā) er eit stort palass og festningsverk bygd av maurarane på 1300-talet i byen Granada i Andalucía i Spania.
Det arabiske namnet tyder bokstaveleg tala «Den raude». Alhambra er full av arabeskar og mosaikkar og står i dag på UNESCO si verdsarvliste. Festninga er ein av dei største turistattraksjonane i Spania, og vert rekna som det beste dømet på maurisk kunst i den europeiske tidsalderen.
Alhambra | |||
| |||
Stil | Art of Al-Andalus | ||
---|---|---|---|
Alhambra 37°10′35″N 3°35′18″W / 37.17634°N 3.58821°W |
Dei kristne erobra Granada i 1492, og einskilde delar av Alhambra vart deretter ombygd i renessansestil. Alhambra har seinare vorte skadd, mellom anna av krig, og av eit jordskjelv i 1821. Etter dette vart Alhambra restaurert av spanske arkitektar.
Alhambra ligg på eit platå i utkanten av Granada. Herifrå er det god utsikt over heile byen og slettene som omgjev han i vest og nord. I bakgrunnen ligg Sierra Nevada mot sør og aust. Rett ved palasset ligg den like gamle hagen Generalife. Saman med Alhambra og Generalife utgjer den mauriskbygde, historiske bydelen i Granada, Albaicín all UNESCO si verdsarv i Granada.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Alhambra, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.