Akseli Gallen-Kallela (26.
april">26. april 1865–7. mars 1931), fødd som Axel Waldemar Gallén i Björneborg, er ein av Finlands mest kjende kunstnarar. Kring hundreårsskiftet 1900 var han ein av hovudfigurane i den finske symbolismen. Gallen-Kallela arbeidde mykje med skuggar og lys i bileta sine og nytta ofte flammande fargar. Mest kjend er han for sine illustrasjonar til eposet Kalevala, der den gryande finske nasjonalromantikken fekk sitt høgste uttrykk.
Akseli Gallen-Kallela | |
Akseli Gallen-Kallela på skitur | |
Nasjonalitet | Finsk |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 26. april 1865 Björneborg i Storfyrstedømet Finland |
Død | 7. mars 1931 (65 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, illustratør, arkitekt, designar, grafikar |
Kjende verk | «Ainotriptyken» (1891), «Sampos forsvar» (1896), «Lemminkäinens mor» (1897), «Joukahainens hevn» (1897) |
Språk | svensk |
Sjanger | portrett |
Ektefelle | Mary Gallen-Kallela |
Born | Kirsti Gallen-Kallela, Jorma Gallen-Kallela |
Akseli Gallen-Kallela på Commons |
Axel Gallen byrja med å lage naturalistiske måleri. Han utdanna seg dels i Paris, der han mottok impulsar frå Jules Bastien-Lepage sin målarkunst. Hans fyrste viktige måleri, Gumma med katt, vart laga i den sørfinske kystbyen Salo. Det bitande realistiske uttrykket i biletet vekte mishag i samtida, i eit kunstmiljø som var van med Albert Edelfelt sine meir Düsseldorf-påverka folkelivs-skildringar. Gallen-Kallelas måleri innleia gjennombrotet for ein heilt ny, realistisk tradisjon i finsk målarkunst. Høgdepunkta i stilretninga nådde Gallen-Kallela sjølv mot slutten av 1880-åra med måleria Sårfeber og Middagsvila.
På 1890-talet vende han seg meir og meir mot symbolismen, noko ein ser i hans intensive Sibelius-portrett, samt i eit portrett av mora. Allereie tidleg hadde Gallen-Kallela interessert seg for Kalevala-motivet, som mange år seinare opptok han meir enn noko anna tema. Aino-triptyken, laga i to versjonar omkring 1890, var det fyrste meir kjende motivet kring emnet, til liks med det fantastiske Sampo smides, forma heilt etter den naturalistiske stilretninga.
Etter ei vitjing i Berlin, der han heldt seg hos den kulturelle krinsen kring Edvard Munch og August Strindberg, vende Gallen-Kallela tilbake til Finland. Han busette seg i det ödsliga Ruovesi. Her gjekk han på slutten av 1890-talet over til ei strengare, stilisert form. Ein serie motiv or Kalevala vart utført i tempera på sekkestrier. Karakteristisk var det at innleiingsbiletet, Sampos försvarare (1896), fyrst vart laga som tresnitt. Deretter fylgde Lemminkäinens moder og Joukahainens hämnd. Etter å han hadde fullført desse arbeida budde Gallen-Kallela ei tid i Italia.
Til den finske paviljongen på verdsutstillinga i Paris 1900 laga han veggmåleri med kalevalamotiv, ytterlegare stilisert, som vekte internasjonal merksemd, men som det vart umogleg å take vare på. Det einaste bevarte tidlege veggmåleriet av Gallen-Kallela er Kullervo på krigsstråt, eit verk inspirert av freskar frå ungrenessansen. Etter studiar i Paris vart Gallen-Kallela del av det intellektuelle miljøet i Helsingfors, dit også mellom andre toneskaparen Jean Sibelius og poeten Eino Leino kom.
Gallen-Kallela meste kjende verk, illustrasjonane til eposet Kalevala, byrja han arbeide med frå 1925 og heldt på med livet ut. Han døydde i Stockholm på heimferd frå København. Nokre Kalevala-illustrasjonar finst som freskar på Nationalmuseet i Helsingfors.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Akseli Gallen-Kallela, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.