Akherítou (gresk Αχερίτου, tyrkisk Güvercinlik) er ein landsby på Kypros og ein lokalstyrt busetnad i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.
Akherítou Αχερίτου Güvercinlik | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Distrikt Land Distrikt | Kypros Ammókhostos Nord-Kypros Gazimağusa |
Geografi | |
Flatevidd | 40,1905 km² |
Innbyggjarar - By (2011) | 2 467 |
Koordinatar | 35°6′2″N 33°51′38″E / 35.10056°N 33.86056°E |
Høgd over havet | 23, 15 m |
Tidssone - Ved sommartid | UTC+2, UTC+2, UTC+03.00 (UTC) UTC+03.00 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.acheritou.com | |
Plassering | |
Akherítou innafor distriktet Ammókhostos |
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 var busetnaden utanfor kontroll frå styresmaktene, og dei gresk-kypriotiske innbyggjarane flykta sørover. Dei budde først som flyktningar i ein teltleir nær den opphavlege landsbyen. Seinare vart det bygd opp ein ny landsby, Ájos Jeórjos tou Akherítou (gresk Άγιος Γεώργιος του Αχερίτου) eller Vrysoúlles (gresk Βρυσούλλες) berre eit par kilometer frå den gamle landsbyen. Den opphavlege landsbyen er administrert som ein del av kommunen Beyarmudu (Pérgamos) i distriktet Gazimağusa i Nord-Kypros.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den nye busetnaden 1 556 innbyggjarar. Den opphavlege busetnaden hadde same år 911 innbyggjarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Akherítou, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.