Byråkrati (av fransk Bureau kontor og gresk -κρατία kratía styre) er ei hierarkisk organisering av beslutningstaking der einskildsaker handsamast av sakshandsamarar med nøye avgrensa avgjerdsmynde etter eit felles sett reglar, og der alle tilsette («byråkratar») er ansvarlege ovafor leiinga for at beslutningane er i samsvar med regelverket.
Føremålet med byråkratiet er å sikra lik handsaming av like saker og stor grad av detaljkontroll frå leiinga.
Byråkratisk organisasjonsform er ein føresetnad for at offentleg forvalting skal kunna fungera. Men ein finn òg trekk av byråkratisk organisering i (større) private føretak. Vektlegging av korrekt prosedyre og fremgangsmåte førar ofte til at byråkratisk organisasjonsform blant anna er kritisert for å bruka for mykje tid på å fatta ei avgjerd. Difor vert ordet brukt «byråkrati» i dagligspråket oftast som eit nedsetjande uttrykk for tungvint sakshandsaming.
Innan samfunnsvitskap vert ordet «byråkrati» brukt verdinøytralt som eit faguttykk for organisasjonar som framviser byråkratiske trekk.
For juristar er ei byråkratisk organisasjonsform ofte rekna som naturlegaste og riktigaste måte å styra ein organisasjon på [treng referanse]. Dette fordi metoden og det innebygde verdisynet til jussen har fleire av dei same ideala som byråkratiske organisasjonar er sett til å ivareta [treng referanse]. Juristar var òg dominerande i alle etatar i sentralbyråkratiet inntil sosialøkonomar og statsvitere byrja å gjera seg gjeldande i etterkrigstiden òg i desse etatane.
Den første som teoretisk drøfta byråkrati som organisasjonsform var den tyske sosiologen Max Weber på 1920-talet. Hans idealtypiske byråkratimodell frå verket Wirtschaft und Gesellschaft har sidan vore grunnlaget for all forsking på byråkrati som organisasjonsform.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Litteratur
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Byråkrati, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.