Île à Vache (av fransk île, «øy», og vache, «ku», også kalla Île-à-Vaches) er ei øy som høyrer til Haiti og er 52 km² stor.
Ho hadde i 2004 rundt 15 000 innbyggjarar. Ho ligg utanfor sørkysten ved byen Les Cayes på Tiburonhalvøya, og er administrativt del av departementet Sud.
Île à Vache | |
---|---|
Île à Vache utanfor sørkysten av Haiti | |
Geografi | |
Stad | Karibia |
Koordinatar | 18°04′N 73°45′W / 18.067°N 73.750°W
|
Areal | 52 km² |
Lengd | 13 km |
Breidd | 3,2 km
|
Administrasjon | |
Land | Haiti |
Departement | Sud
|
Demografi | |
Folketal | 15 000 |
Folketettleik | 288,5 /km² |
Vestsida av øya er bakkete, med 150 meter som høgaste punkt. Austsida har sumpar, og der finn ein den største mangroveskogen i Haiti, og ei lagune som er danna og verna av eit korallrev. Det opphavlege indianske namnet på øya var «Abaca».
Buccanaren Henry Morgan hadde i 1668 øya som base for angrep mot spanske skip. Ein annan sjørøvar som opererte frå øya var Laurent de Graff.
Under den USA-amerikanske borgarkrigen tilbaud eigaren av øya, Bernard Kock, amerikanarane å la frigjevne slavar busetje seg der. Framlegget førte ikkje fram, trass i tilslutnad frå president Abraham Lincoln.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Île à Vache, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.