Ålesund kyrkje er ei langkyrkje frå 1909 på Aspøya i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke.
Tilkomst til staden er via E136.
Ålesund kyrkje | |||
kyrkje | |||
1. september 2019 | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Nordre Sunnmøre | ||
Sokn | Ålesund | ||
Fellesråd | Ålesund | ||
Stad | Aspøy, Ålesund | ||
Periode | jugendstil | ||
Arkitekt | Sverre Knudsen | ||
Innvigd | 1909 | ||
- Byggjeår | 1909 | ||
Sitjeplassar | 800 | ||
Ålesund kyrkje 62°28′16″N 6°08′45″E / 62.4712°N 6.1459°E | |||
Wiki Commons: Ålesund kirke | |||
Byggverket er i kvit, gul og raud marmor og utvendig dekt av naturstein frå Nordmøre. Kyrkja har 800 sitjeplassar og er teikna av arkitekt Sverre Knudsen. Ho erstatta den tidlegare kyrkja i byen som gjekk med i bybrannen i 1904. Den gamle kyrkja var frå 1855 og var teikna av Heinrich Ernst Schirmer.
Innvendig har kyrkja eit jugendinteriør ein ikkje finn i nokon anna kyrkje i Noreg med fresker og glasmåleri av Enevold Thømt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ålesund kyrkje, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.