Naturstein

Naturstein er stein som kan sagast, spaltast eller hoggast til emne som kan brukast til bygg og anlegg.

Tidlegare blei naturstein mykje brukt i form av blokker som blei murte; seinare har ein teke i bruk plater og heller. Ein deler gjerne inn naturstein i tre typar: Blokkstein, skifer og murestein.

Naturstein
Granitt til bruk som naturstein i India.
Naturstein
Handbryting av stein i India.

Blokkstein er massive bergartar (som granitt, larvikitt, marmor og kleberstein) som ein sager eller splittar ut av fjellet i form av rektangulære blokker, som igjen blir saga eller splitta til mindre plater i fabrikkar eller for hand.

Skifer er bergartar som har naturleg kløyv, det vil seia at bergarten kan splittast langs til plater. Vanlege skifertypar er leirskifer, fylittskifer, glimmerskifer og kvartsittskifer.

Murestein viser til rå blokker og emne som kjem til ved sprenging i mange typer bergartar, til dømes skifer, gneis og granitt. Dei kan nyttast til tørrmuring og forblending.

Naturstein
Dovre kyrkje er dekt med lokale skiferplater.
Naturstein
Kolmårdsmarmor i rådhuset i Stockholm.

Bruk

Naturstein er blitt mykje brukt til monumentalbygg, som sakralbygg, monument, slott, rådhus, kulturhus og liknande. Medan ein tidlegare gjerne brukte heile steinblokker, blir det i dag gjerne brukt plater som kledning til veggflater, golv, trapper, fortau, terrassar og liknande. Steintypen blir også mykje brukt til tørrmuring langs vegar og liknande.

Naturstein i Noreg

Eksportverdien for naturstein i Norge ligg over ein milliard kroner i året. Over halvparten av dette er larvikitt, mens resten er marmor og skifer. Dei viktigaste produkta er:

Bakgrunnsstoff

  • NGU (Norges Geologiske Undersøkelse)

Kjelder

Tags:

Naturstein BrukNaturstein i NoregNaturstein BakgrunnsstoffNaturstein KjelderNatursteinSkiferStein

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NynorskHusmannURLKöppen si klimaklassifiseringHar SedomDet hev ei rosa sprungeLudmila EngquistRådyrHistorieProfessor emeritusHøgtalarPeriferieininga KilkísAlmopíaDet norske alfabetetUkrainaDen store depresjonenKarmosinKangaMartina HingisOslolosenPeter Wessel TordenskjoldSaltenCelsiusLønnesirupTysklandSibirWiki CommonsStryn kommuneMax BeckmannYawlMogopCountryBrennverdiPeter SellersBayer LeverkusenThe Rime of the Ancient MarinerUN-nummerResettEuropeisk geografiFreddie MercuryAtommodellChampions LeagueElon MuskE-postLockheed U-2RumpaStrilamålAluminiumDonald TrumpMeter per sekundGoogleStareBilMouriésKinesiskIdlewildCanadaVegorítidaOdinDamaskusThe 2nd LawQueenVengSagaen om IsfolketGudbrandsdalenWario Land 3TamilPetter WavoldKaptein SabeltannFinnøySri LankaGotlandEngelskAlderspensjonSentral-MakedoníaEdelgranslekta🡆 More