Zhuangzi (莊子) var ein berømt kinesisk filosof som levde i det fjerde hundreåret før vår tidsrekning.
Han er mest kjend for boka Zhuangzi som tok namnet hans og er ein klassikar innanfor taoismen. Det er usikkert om han skreiv heile boka sjølv, ein reknar med at han står for dei fyrste sju kapitla og at «elevar» av han skreiv resten.
Zhuangzi | |
Statsborgarskap | Song |
Fødd | 369 f.Kr. Shangqiu |
Død | 288 f.Kr. |
Yrke | filosof, skribent, lyrikar |
Språk | Gammelkinesisk |
Zhuangzi på Commons |
Filosofien hans er av ein skeptisk tradisjon ikkje ulik den vi kan finne igjen i Arne Næss sin filosofi mykje seinare. Zhuangzi forfektar at liva våre er begrensa medan kunnskapen er uavgrensa. Å freista å bruke det begrensa på å oppnå det uavgrensa er tåpeleg. Språket og kognisjonen vår forutseier ein tao kvar av oss er forplikta til gjennom våre adskilte fortider eller «stiane våre». Som ein konsekvens av dette bør vi vere klar over våre mest gjennomtenkte konklusjonar kan ha vore forskjellige hadde vi hatt ei anna fortid. Naturlege disposisjonar til oppførsel kombinert med dei som er tileigna inkludert det at ein knyter namn på ting, å godkjenne/avvise basert på desse namna og å handle i samsvar med dei ibuande standardane. Å tenkje på og å velje vårt neste steg i stien vår er betinga ved dette unike settet av naturlege tileigningar.
Zhuang zi var truleg ein av dei aller fyrste anarkistane, lenge før Proudhon og Hayek ifølgje Murray Rothbard. Han ville ikkje at folk skulle knyte seg til ei regjering. Han sa at verda «ikkje trenger styring; faktisk bør den ikkje styrast,» og «orden skjer spontant når ting let styra seg sjølve» Rothbard seier at Zhuangzi var den fyrste som teoretiserte rundt spontan orden.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Zhuangzi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.