Transkripsjon av russisk frå kyrillisk til latinsk alfabet følgjer i grove trekk denne konvensjonen:
Bokstav | HTML-kode | Vitskapleg ISO- transliterasjon | Norsk transliterasjon |
А а | А а | A a | A a |
Б б | Б б | B b | B b |
В в | В в | V v | V v |
Г г | Г г | G g | G g (sjølv når han skal uttalast som v) |
Д д | Д д | D d | D d |
Е е | Е е | E e | Je (Je) je i starten av ord og etter vokal, Ь eller Ъ, elles E e (sjølv når han skal uttalast som i) |
Ё ё | Ё ё | Ë ë | O o etter (transkripsjon som sluttar på) j, Io io etter s eller z, elles Jo jo |
Ж ж | Ж ж | Ž ž | Zj zj (men i somme kjende namn Sj sj) |
З з | З з | Z z | Z z |
И и | И и | I i | I i |
Й й | Й й | J j | J j |
К к | К к | K k | K k |
Л л | Л л | L l | L l |
М м | М м | M m | M m |
Н н | Н н | N n | N n |
О о | О о | O o | O o (sjølv når han skal uttalast som a) |
П п | П п | P p | P p |
Р р | Р р | R r | R r |
С с | С с | S s | S s |
Т т | Т т | T t | T t |
У у | У у | U u | U u |
Ф ф | Ф ф | F f | F f |
Х х | Х х | H h | Kh kh |
Ц ц | Ц ц | C c | Ts ts |
Ч ч | Ч ч | Č č | Tsj tsj (sjølv når han skal uttalast som sj) |
Ш ш | Ш ш | Š š | Sj sj |
Щ щ | Щ щ | Ŝ ŝ | Sjtsj sjtsj |
Ъ ъ | Ъ ъ | " (eller vert ikkje transkribert) | skal ikkje transkriberast |
Ы ы | Ы ы | Y y | Y y |
Ь ь | Ь ь | ' | skal ikkje transkriberast (vert likevel ofte skriven som J j) |
Э э | Э э | È è | E e |
Ю ю | Ю ю | Û û | U u etter (transkripsjon som sluttar på) j, Iu iu etter s eller z, elles Ju ju |
Я я | Я я | Â â | A a etter (transkripsjon som sluttar på) j, Ia ia etter s eller z, elles Ja ja |
Døme:
Nokre vanlege unntak:
I 1970 vart det utarbeidd ein fellesnordisk standard for transkripsjon av russisk, av Dansk Sprognævn, Norsk språknemnd og Svenska språknämnden. Dagens retningsliner følgjer denne standarden, bortsett frå nokre norske endringar vedteke av Norsk språkråd i 1995.
Når det gjeld andre språk (enn russisk) som blir skrivne med kyrilliske bokstavar, fastsette Fagnemnda i Norsk språkråd den 20. oktober 2004 eigne reglar for desse. Dei gjeldande offisielle transkripsjonsreglane både for russisk og andre kyrilliske språk finst på Språkrådet sine sider, sjå nedanfor.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wiki:Retningsliner for transkripsjon av kyrillisk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.