Norsk Språkråd

Norsk språkråd var eit statleg rådgjevande organ i spørsmål som galdt norsk språk — både bokmål og nynorsk — overfor offentlege institusjonar så vel som overfor ålmenta.

Rådet vart skipa i 1972 og avløyste Norsk språknemnd, som vart oppretta i 1952.

Norsk språkråd hadde i oppgåve å verne om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremje tiltak som kunne auke kunnskapen om norsk språk, fremje toleranse og gjensidig respekt mellom alle som bruker norsk språk i ulike variantar, og verne om rettane til det enkelte mennesket når det galdt bruken av språket. Mellom dei viktigaste oppgåvene til rådet var normering av bokmål og nynorsk, språkleg rådgjeving og språkleg kvalitetssikring av lærebøker. Frå 1994 hadde rådet i oppgåve å føre tilsyn med statsorgan under departementsnivå når det galdt gjennomføringa av mållova. Og frå 2000 hadde rådet i oppgåve også å arbeide med norsk språk og informasjonsteknologi. Norsk språkråd registrerte nyord, foreslo avløysarord i staden for engelske importord og fremja tiltak for å sikre språkleg likestilling mellom bokmål og nynorsk. Rådet gav frå 1973 ut tidsskriftet Språknytt og frå 1994 bulletengen Statsspråk. Norsk språkråd hadde dei siste åra ca. 20 tilsette.

Stortinget slutta seg i 2003 til eit forslag om å omdanne Norsk språkråd til eit nasjonalt kompetansesenter for norsk språk som skulle føre vidare mange av dei gamle arbeidsoppgåvene. Ved brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet 18. mai 2005 vart det fastsett at namnet skulle vere Språkrådet.

Bakgrunnsstoff

Tags:

19521972BokmålNorsk språkNorsk språknemndNynorsk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FridomssosialismeTuonelaForbrenningDomingos CastroMiddelhavetMengdHardy-gutteneROBEKNord-AmerikaCentral Intelligence AgencyRonja RøverdatterDonald TrumpHarry HoleIdrettshallMeteoraBlandingDet første krosstogetArian EngebøBuskerud fylkeTelemark fylkeSola kommuneOverarmsbeinRådyrBokmålIsaac NewtonPilLarvik kommuneVisentNederlandRotteAudrey HorneBiologisk familie24. aprilEkstaseC++Thessalía2020Vesle GaldhøpiggenHalsnøybåtenHanumanØrsta kommunePave Johannes Paul IDesta Marie BeederØresundbruaHans Majestet Kongens GardeAspropótamos i TríkalaDydPlaneten MarsRudolf BlodstrupmoenAdolf HitlerVictoria av StorbritanniaDen muslimske verdaUbehaget i kulturenCupheadRussisk litteraturLemmingTonsillHomogeniseringSigmund FreudJonas Gahr StøreAstrid LindgrenNormert talemålSunnhordlandsdialektOlivettiYuan-dynastietKalambákaGrunnstoffet tinnJordbruksrevolusjonen27-årsklubbenSyndikalismeVM i friidrett 1983Vestlandet🡆 More