Samnorsk er ei tenkt, framtidig norsk målform der nynorsk og bokmål er smelta saman til eitt.
Den såkalla tilnærmingspolitikken hadde som føremål å avskaffa skilnadane mellom bokmål og nynorsk på lengre sikt. Det vart blant anna sett på som upraktisk å ha det same språket uttrykt i skrift på to konkurrerande måtar. Samnorsktanken dominerte norsk språkpolitikk på store delar av 1900-talet. På grunn av sterk motstand, både frå riksmålshald og nynorskhald, har styresmaktene og Språkrådet i dei siste tiåra gått vekk frå tilnærmingspolitikken.
I 2002 vart samnorsk offisielt gitt opp, då Stortinget vedtok å oppheva § 1b i Lov om Norsk språkråd. Her het det at Språkrådet «skal følge utviklingen av norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlag fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen». I bokmålsreforma i 2005 vart en rekkje tilnærmingsformer stroke or bokmålsrettskrivinga og fleire tradisjonelle former (riksmålsformer) teke inn att, samstundes med at skiljet mellom hovudformer og sideformer vart oppheva.
Ordet samnorsk vart særleg i 1950-åra nytta om bruken av «radikale» eller «folkelege» former i bokmålet etter 1938-rettskrivinga. Ordet vart brukt nedsetjande av riksmålsfolk av di dei meinte at bokmålet vart vulgært og udanna.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Samnorsk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.