Rettskrivinga Av 1938

Rettskrivingsreforma av 1938 er kalla den store samnorskreforma, og var i mykje eit framhald av tanken og retninga i rettskrivinga av 1917.

Samnorsktanken var ein ide om å føre bokmål og nynorsk saman, på grunnlag av folkemålet, ein politisk tanke om det faktisk tala norske språket i stordelen av landet, det reelle fleirtalsspråket i landet. Denne tilnærmingslinja eller folkemålslinja var dominerande i norsk språkpolitikk i stordelen av det førre hundreåret, men er no offisielt forlaten. Arkitekten bak reforma i 1938 var historikaren og sosialisten Halvdan Koht, som i 1938 var utanriksminister i regjeringa til Johan Nygaardsvold.

Etter rettskrivinga av 1938 blei ein del former obligatoriske som i 1917 var valfrie. Vidare blei systemet med klammeformer (sideformer) innført, det vil seie former godtatt som rette etter rettskrivinga, og dermed godtatt i elevarbeid, men ikkje i lærebøker.

Endringar i nynorsk

I nynorsk var dette nokre av endringane frå 1938:

Nokre gamle hovudformer blei klammeformer, former som «soli», «husi» og «gator». Former som «sola», «husa» og «gater» blei einaste lærebokformene.

Endring av enkeltord, som for eksempel «fare» for «fåre», «opp» for «upp», «før» for «fyrr», «bort» for «burt», «mørk» for «myrk», «vinter» for «vetter», «veke» for «vika».

Tilhengarar av høgnorsk, som på denne tida representerte det store fleirtalet i den organiserte målrørsla, gjekk imot desse endringane, men dei hadde ikkje nærpå slike ressursar i ryggen som riksmålstilhengarane, som blant anna blei støtta i råd og dåd av storaviser som Aftenposten.

For samnorskideologar som Halvdan Koht og Sigmund Skard stod 1938-rettskrivinga fram som eit viktig forsøk på å nærme formverk og skrivemåte i begge målformene til det dei meinte var det reelt tala fleirtalsmålet i landet, og med det til kvarandre.

Høgnorskideologar som Gustav Indrebø meinte på si side at nynorsken med dei nye endringane blei mindre samlande, fordi endringane var tufta på ortofone tilmåtingar etter særskilde målføre, på kostnad av dei etymologiske typeformene som Ivar Aasen ville nytte som ein overbygnad for alle målføra. Dessutan blei det hevda at det var tatt omsyn til reine bokmålsformer som breidde seg i talemålet, og dét låg utanom normeringsgrunnlaget for nynorsk, meinte dei.

Endringar i bokmål

Reforma fullførte av prosessen som begynte med rettskrivinga av 1907 og heldt fram i 1917, med innføring av harde konsonantar. Eksempel: «Skip» for «skib», «nyte» for «nyde» og «språk» for «sprog».

Fleire hokjønnsord fekk a-ending i bunden for eintal: «Høna», «nåla», «øksa», «bjørka», osv.

Fornorskingar som «bru» for «bro», «fram» for «frem», «sju» for «syv», «nå» for «nu». Mange av desse blei obligatoriske.

Fleire diftongar: «Stein» for «sten», «reip» for «rep», osv.

Nye skrivemåtar: «Seg» for «sig», «meg» for «mig», «skulle» for «skulde», «høy» for «høi», osv. Jamstilling av a- og et-ending i verb av kaste-klassen.

Reforma møtte sterk motstand frå konservativt hald. Mykje av han blei omgjort av Quisling-styret under krigen, men NS-rettskrivinga av 1941 blei sjølvsagt sedd bort frå etter krigen, og 1938-rettskrivinga gjeninnført. Men i 1950-åra var det igjen mange protestar og aksjonar frå riksmålstilhengarar mot slikt samnorskprega «radikalt bokmål» i lærebøker og elles, blant anna med bokbrenning som verkemiddel.

Litteratur

  • Ny rettskrivning 1938. Bokmål, regler og ordliste. Nynorsk, regler og ordliste. Utgitt av Kirke- og undervisningsdepartementet. Olaf Norlis Forlag. Oslo Nettversjonhttp://www.sprakrad.no


Tags:

BokmålFolkemålHalvdan KohtHistorieJohan NygaardsvoldNynorskRettskrivinga av 1917SamnorskSosialist

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FinnøySur nedbørRusslandETrettiårskrigenSevernaja ZemljaNasjonalrettInformasjonskapselLitauenEHF-meisterligaen i handball 2013/MennIvar AasenFargespekterElectrolux AssistentRaudstrupePresident i FinlandNibiruVatnVatikanstatenBay City RollersNorges BondelagOrScrabbleLagerthaCubaWienerklassisismenLene Westgaard-HalleApeJantelovenDen dominikanske republikkenCelsiusTotaktsmotorUkrainsk kulturNew York by27-årsklubbenSol InvictusJoseph HaydnStillehavetEiffeltårnetEtasjeNasjonaldraktBokormØrnMS «Venus» (1931)Ja, vi elsker dette landetKarl-Heinz RummeniggeAnna MolbergMoskvaSør-KoreaGina GogeanCristiano RonaldoNord-SulawesiIndre AgderSvartspettResettJoachim av DanmarkYosef Wolde-MariamRoland BrücknerAtlantic Standard TimeNasjonaldagIALA maritime bøyesystemAngstDen russiske bjørnenOperasjon BarbarossaValgerd Svarstad HauglandThorbjørn BerntsenBook of KellsURLEkstremvêret KristinNazistMeisefamilienSusanne SundførMachu PicchuStorsnøstjerneBroadway🡆 More