Volvo Lastvagnar, er ein svensk lastebilprodusent som er ein del av Aktiebolaget Volvo.
Volvo lastvagnar har hovudkontoret sitt i Lundby, ved Göteborg. Der ligg òg ein stor del av Volvo 3P som står for utviklingsarbeidet for Volvos lastebilar. Volvo eig òg Mack Trucks, Renault Trucks og UD Trucks og er den nest største produsenten av lastebilar i verda, etter Mercedes-Benz.
Volvo Lastvagnar | |||
| |||
| |||
Org.form | Aktiebolag | ||
---|---|---|---|
Svensk orgnr. | 556013-9700 | ||
Bransje | Bilindustri | ||
Skipa | 1928 | ||
Eigar | Aktiebolaget Volvo | ||
Morselskap | Aktiebolaget Volvo | ||
Dotterselskap | Renault Trucks, Mack Trucks | ||
Hovudkontor | Göteborg | ||
Land | Sverige | ||
Produkt | Lastebilar | ||
Nettstad | www.volvotrucks.com |
Føretaket Volvo vart stifta i 1926 og i april i 1927 var den fyrste bilen klar. Det var ein open personbil, med typebetegnelsen ÖV 4. Den hadde ein firsylindra bensinmotor, med eit slagvolum på 1,94 liter og ein effekt på 28 hk. I februar i 1929 kom den fyrste lastebilen. Han hadde typebetegnelsen LV Serie 1 og hadde same motor og girkasse som ÖV 4. Totalmassen var på berre tre tonn og prisen var på 4450 svenske kroner. Han vart godt motteken og salet gjekk bra.
Mot slutten av 1930-talet kunne lastebilane bli levert med hesselmanmotorar. Under andre verdskrig vart det levert bilar som gjekk på knott. Det var fyrst i 1946 bilane kunne bli levert med dieselmotor.
På 1950-talet vart det satsa på den internasjonale marknaden og salet skaut fart. Lastebilavdelinga heiter no Volvo Trucks. I tillegg til Volvo Trucks har Aktiebolaget Volvo kjøpt fleire andre lastebilprodusentar, mellom anna White, Renault Trucks, Mack Trucks og UD Trucks (Nissan tidlegare Diesel)). Volvo er i dag ein av dei leiande produsentane av lastebilar og bilane vert selde over heile kloden.
Volvo byrja alt på 1930-talet å levera lastebilar til det svenske forsvaret og under Den kalde krigen fekk Volvo store ordrar. Det svenske forsvaret fordelte ordrane sine mellon Volvo og Scania. Desse leveransane nådde ein topp på 1970-talet, men Volvo leverer framleis lastebilar til det svenske forsvaret. Den klassiske Volvo L3314 (som vart kalla «Volvo Felt» i Noreg og «Volvo Valp» i Sverige) vart utvikla på 1960-talet og på 1970-talet kom etterfylgjaren Volvo C303.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Volvo Lastvagnar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.