Vilsandi er ei øy i Estland.
Øya ligg vest for Saaremaa i Austersjøen. Vilsandi har eit areal på om lag 9 km². Ho er den vestlegaste busette øya i Estland, med eit innbyggjartal på rundt 30. Øya er ein del av kommunen Kihelkonna vald i Saare maakond.
Vilsandi | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Austersjøen |
Koordinatar |
|
Areal | 8,75 km²
|
Administrasjon | |
Land | Estland |
Maakond | Saare maakond
|
Demografi | |
Folketal | 30
|
Vilsandi oppstod for berre om lag 350 år sidan, då fleire mindre øyar voks saman på grunn av landhevinga etter siste istid. Visst havet held fram å søkke, vil Vilsandi til slutt òg vekse saman med Saaremaa. Vilsandi vart busett først på 1700-talet, då bønder frå Saaremaa flytta ut på øya. På det meste budde nesten 200 menneske på Vilsandi.
Nordvest på øya finst eit fyr frå 1809. I 1910 vart eit av dei første fuglevernområda i Austersjøen oppretta på og rundt Vilsandi. Verneområdet vart i 1993 gjort om til nasjonalpark. Økosystemet i området er svært sårbart på grunn av at mange trekkfuglar hekkar og raster der. Jakt på fugl er forbode i nasjonalparken. Nasjonalparken er eit populært område for turistar, ikkje berre for estlendarar, men òg for finnar, som vitjar Estland i stadig større mengder.
Vilsandi kan ein nå med båt frå Papisaare på Saaremaa. Det er òg mogleg å køyre med jeep eller vade til øya ved lågvatn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vilsandi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.