Saaremaa

Saaremaa eller Ösel (estisk: Saaremaa; svensk og eldre tysk: Ösel; eldre dansk: Øsel) er den største øya i Estland.

Øya ligg i Austersjøen, sør for øya Hiiumaa. Saaremaa har eit areal på 2 673 km². Administrasjonssentrum på øya er byen Kuressaare med 15 000 innbyggjarar. Heile øya har om lag 39 000 innbyggjarar.

Saaremaa
Vindmølle i Ohessaare på Saaremaa
Vindmølle i Ohessaare på Saaremaa
Geografi
Saaremaa
Stad Austersjøen
Koordinatar 58°25′N 22°30′E

Areal 2 673 km²

Høgaste punkt Viidu Raunamägi (54 moh.)

Administrasjon
Land Estland
Maakond Saare maakond
Største busetnad Kuressaare (14 919 innb.)

Demografi
Folketal 39 231

Saaremaa er hovudøya i Saare maakond. Fylket omfattar òg Muhu, Vilsandi, Abruka, Ruhnu og fleire andre, mindre øyar. Namnet Saarema tyder «Øyland».

Historie

Arkeologiske funn viser at Saaremaa har vore busett i minst 5000 år. I dei gamle skandinaviske sogene vart øya kalla Eysysla, som betyr det same som øyas estiske namn.

I 1645 overtok Sverige øya frå Danmark etter freden i Brömsebro. I 1721 vart Saaremaa saman med resten av det svenske Estland avstått til det russiske imperiet ved Freden i Nystad.

Tyskland okkuperte Saaremaa og dei andre estiske øyane i oktober 1917 og fram til slutten av den første verdskrigen. Etter Oktoberrevolusjonen og då det russiske imperiet fall vart Estland sjølvstendig, men ved Molotov–Ribbentrop-pakta i juni 1940 vart Estland okkupert av Sovjetunionen. I 1941 okkuperte Tyskland igjen dei estiske øyane, og var der til Den raude arméen kasta dei ut i november 1944.

Deportasjon av tyskarar og russarar og utflytting av etniske svensker under den andre verdskrigen gjorde at folketalet på Saaremaa sokk med over 30 %, frå 56 000 i 1939 til 38 000 i 1945. Folketalet har halde seg relativt stabilt sidan.

20. august 1991 vart Estland igjen sjølvstendig, då Sovjetunionen braut saman.

Natur

Saaremaa 
Kaali-kratera

Saaremaa har eit relativt mildt klima og variert jordsmonn, og øya har difor eit rikt planteliv. Om lag 40 % av øya er dekt av skog.

Av dyrelivet på Saaremaa er sel-bestanden viktig. Mange trekkfuglar rastar på øya om våren og hausten. Men Saaremaa og dei andre øyane har eit noko fattigare dyreliv enn fastlandet i Estland.

Ein spesiell attraksjon på øya er Kaali-kratera, ei gruppe på ni meteor-krater som vart til for om lag 4000 år sidan. Det største av kratera er 110 meter i diameter og er fylt med vatn. Vatnet er kjent som Kaalisjøen (Kaali järv).

Saaremaa er ei ganske flat øy, og det høgaste punktet er berre 54 moh.

Kommunikasjon

Saaremaa 
Kuressaare lufthamn

Frå Virtsu på fastlandet går det ferje til Kuivastu på øya Muhu, som er knytt saman med Saarema med ei vegfylling. Det går òg ferje mellom Triigi på Saarema og Sõru på øya Hiiumaa.

Det går rutebussar til Saaremaa frå Tallinn, Pärnu og Tartu på fastlandet.

Kuressaare har ein flyplass med flysamband til Tallinn, Ruhnu og Stockholm.

Planar om eit fast vegsamband til Saarema med anten tunnel eller bru er under utarbeiding. Prosjektet vil koste minst 175 millionar euro og tidlegast vere ferdig i 2014.

Bakgrunnsstoff

Tags:

Saaremaa HistorieSaaremaa NaturSaaremaa KommunikasjonSaaremaa BakgrunnsstoffSaaremaaAustersjøenDanskEstiskEstlandHiiumaaKm²KuressaareSvenskTyskØy

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Nikita KhrusjtsjovLinköpingGoogle ChromeIkonostasSauParlamentarisme i kommunarStjernebiletet OrionKommunismeMicrosoftNordfjordeidCanonPuddelrockAErik AndersenAgnostisismeVågan kyrkjeVulkanar i ItaliaRaude hundarHakkaKlima i AustraliaKrøllparentesPýdna-KolindrósHelena BrodtkorbProvinsen UtrechtOslo kommuneVestlandetTrymskvidaElon MuskJournalistØresundbruaTelemark fylkeNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»VulvaDie Gedanken sind freiCristiano RonaldoTeknologiLine Nagell YlvisåkerMaterialismePeter Wessel TordenskjoldSognefjordenLeptokaryáISSNFase-arrangert antenneChristianiaMetanVoilà av Barbara PraviTidslinje over norsk historieDío-ÓlymbosSunnmøreMuldyrAlligatorarFiskAlexander pawaSlaget ved SvolderBergenTyrkiaGardasjøenLinda EideMik KaminskiLodi i ItaliaDet norske alfabetetKyprosQawahMidsommarJonas Gahr StøreBiologisk systemJevgeni OssinovskiDío i PieríaProfil-opprøretMari MaurstadSolveig GulbrandsenVerktøyet filHolografiKvartalPoppelslektaUnicornNanometerArtsdanning🡆 More