Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti var eit politisk parti som stilte til val i Noreg i 7 fylke ved stortingsvalet 2001.
Partiet oppstod ved at Tverrpolitisk Folkevalde endra namn i 1998. Tverrpolitisk Folkevalde var plattforma som Steinar Bastesen hadde blitt valt inn på Stortinget på i 1997. Intern usemje førte til at ei gruppering endra partinamnet til Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti, medan Bastesen og hans støttespelarar i Nordland braut ut og stifta Kystpartiet.[1]
Ved stortingsvalet 2001 fekk partiet fekk 1 052 røyster, noko som utgjorde 0,04 % av røystene på landsbasis. Størst oppslutning hadde dei i Oppland. Resultata i dei enkelte fylka var:
Partiet vart ikkje representert på Stortinget. Etter valet i 2001 skifta det igjen namn attende til Tverrpolitisk Folkevalde, men stilte ikkje til val igjen i 2005.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.