Tsjadsjøen (fransk Lac Tchad) er ein stor, grunn innsjø i Sentral-Afrika.
Han er delt mellom Kamerun, Nigeria, Niger og Tsjad, som han har gjeve namn til. Størstedelen av sjøen ligg i Tsjad og Kamerun.
Tsjadsjøen | |||
innsjø | |||
Land | Tsjad, Kamerun Nigeria, Niger | ||
---|---|---|---|
Tsjadsjøen 13°N 14°E / 13°N 14°E | |||
Wiki Commons: Lake Chad | |||
Tsjadsjøen får det meste av vatnet sitt frå elva Chari, over 90 %. Han har ikkje noko utlaup. Sjøen har ei viktig økonomisk tyding, og gjev vatn til over 30 millionar menneske som lever rundt han.
Innsjøen har krympa gjennom fleire tiår. Ifølgje Global Resource Information Database ved United Nations Environment Programme krympa han med så mykje som 95 % frå rundt about 1963 to 1998. Han var på sitt minste i 1986, med ei flatevidd på 279 km². Ifølgje satellittbilde frå 2007 hadde flatevidda auka att i dei føregåande åra.
Dei fyrste europearane som nådde Tsjadsjøen, som tidlegare var blitt markert på kart berre med bakgrunn i rykte og tradisjonar, kom dit i 1823. Dei tilhøyrde ein engelsk ekspedisjon som hadde Dixon Denham, Hugh Clapperton og Walter Oudney som sine best kjende deltakarar. Nærare kunnskap om sjøen og landet rundt han i nordvest og aust blei fyrst spreidd gjennom reisene til tyskarane Heinrich Barth og Gustav Nachtigal, fyrstnemnde i 1850–1855 og sistnemnde i 1870–1874. I sør blei Tsjadbekkenet fyrst kartlagt i 1896–1897 av franskmannen Émile Gentil, som følgde Charielva til utløpet hennar i Tsjadsjøen. Eigenskapane og dei særeigne endringane til sjøen blei utforska og kartlagde av ei rekkje franske militærekspedisjonar som byrja i 1900, framfor alt av den franske majoren Jean Tilho, som lenge var stasjonert i Tsjadterritoriet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tsjadsjøen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.