Trinity College I Cambridge

Trinity College er eit av dei mange kollegia som går under University of Cambridge i England.

Trinity blei grunnlagt i 1546, og er den største av alle skulane i Cambridge og Oxford, med omtrent 660 bachelorstudentar, 430 masterstudentar, og over 160 «fellowstudentar».

Trinity College i Cambridge
Trinity College I Cambridge
Trinity College I Cambridge
Skipa1546
MorselskapUniversity of Cambridge
HovudkontorCambridge
LandStorbritannia
Grunnleggjar(ar)Henrik VIII av England
Dagleg leiarMartin Rees, Amartya Sen, Michael Atiyah, Andrew Huxley, G. M. Trevelyan, J.J. Thomson, Richard Bentley, John Wilkins, Sally Davies, Alan Lloyd Hodgkin, Rab Butler, Montagu Butler
Nettstadhttps://www.trin.cam.ac.uk
Trinity College I Cambridge
Gardsplass i Trinity med fontene

Ein rik lærestad

Kollegiet er òg den desidert rikaste Oxbridge-skulen, med ein berekna finansiell styrke på ca 700 millionar pund. I tillegg er landområda til Trinity forsikra for omtrent 266,5 millionar pund (dette inkluderer ikkje alle anleggsmidlane). Trinity reknar seg sjølv som «ein verdsleiande, akademisk institusjon med eit eineståande rulleblad på utdanning, læring og forsking». På studentbasis reknar det seg som ein av dei best utrusta utdanningsinstitusjonane i verda. Som med systerskulen sin, Christ Church College i Oxford, har han tradisjonelt vorte rekna som den mest aristokratiske av alle Cambridge-skulane. Kong Edvard VII, kong Georg VI og kong Charles III gjekk alle på Trinity College.

Historie

Trinity College I Cambridge 
Statue av Henrik VIII av England, grunnleggjaren av lærestaden med oversikt over Great Gate.

Lærestaden vart grunnlagt av kong Henrik VIII av England i 1546 ved å slå saman to eksisterande college: Michaelhouse (grunnlagt av Hervey de Stanton i 1324), og King’s Hall (grunnlagt av kong Edvard II i 1317 og grunnlagt på nytt av kong Edvard III i 1337).

På denne tida hadde kong Henrik utsletta og ekspropriert kyrkjeeigedomar frå abbediar og kloster. Kongen fekk gjennomført loven i parlamentet som tillet han å undertrykke og konfiskere eigedomane til alle college han måtte ønske. Universiteta i Oxford og Cambridge, som begge var religiøse institusjonar og ganske rike, hadde grunn til å frykte at dei stod nest i rekkja.

Universiteta nytta dei politiske kontaktane sine til å bønnfalle den sjette kona til kongen, Katarina Parr. Dronninga overtalte kongen til ikkje å stenge universiteta, men i staden opprette eit nytt college. Kongen ønsket likevel ikkje å bruke eigne midlar til dette, og løyste oppgåva ved å slå saman to eksisterande college (King’s Hall og Michaelhouse) og sju studentheimar (Physwick (tidlegare del av Gonville and Caius College i Cambridge), Gregory’s, Ovyng’s, Catherine’s, Garratt, Margaret’s, og Tyler’s) for å opprette Trinity. Dette, kombinert med landområde konfiskerte frå kyrkja, gjorde at Trinity vart det største og rikaste colleget i England.

Dei fleste av dei viktigaste bygningane til colleget vart oppført på 1500- og 1600-talet. Thomas Nevile, som vart master (rektor) i 1593, ombygde og omforma mykje av lærestaden. Dette arbeidet omfatta ei utviding og fullføring av Great Court, og konstruksjonen av Nevile’s Court og elva Cam. Nevile’s Court vart fullført på slutten av 1600-talet då biblioteket Wren Library, formgjeve av den store arkitekten Christopher Wren, vart bygt.

På 1900-talet var Trinity College og King’s College i fleire tiår stader der ein elitistisk og hemmeleg samskipnad kalla Cambridge Apostles (Cambridge-apostlane) vart rekruttert.

Det fulle og offisielle namnet for lærestaden er «The Master, Fellows and Scholars of the College of the Holy and Undivided Trinity in the Town and University of Cambridge».

Kjelder

Tags:

1546BachelorgradCollegeEnglandMastergradUniversity of CambridgeUniversity of Oxford

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

27-årsklubbenKrøllalfaKlimaGeorg V av StorbritanniaVinter-OL 2014GaltvortNynorskSunnmøreÅheimTrøffelProfessor emeritusUngarnKirunaDu FuFilippo InzaghiVoilà av Barbara PraviIslandBelgiaBodø kommuneAleksander I av RusslandPhilip Seymour HoffmanFirkantfolket2002LokeGud signe maten på vårt bordTartanVaduzNoahReinsvollRabagastNM i fotball for kvinnerAtle HansenVillepleSørfold kommuneSionBrasilEselBeltegrader i judoMuscatSavoykålWayback MachineFreddie MercuryMaskorama (sesong 4)StratovulkanNewcastle upon TyneWikimaniaTitreringMichelle ObamaLeif ØstliDet britiske imperietJesusPumoriSax-a-boomKambodsjaCharles III av StorbritanniaVaktlarSunnhordlandske ord og vendingarTommeStockholmProtestantisme26. marsWiki CommonsVietnamFloyd CramerDet osmanske riketClarksvilleAbOpplagd mjølkVerdsarvFribyar for forfattarar og kulturarbeidararMorfinOldtidCecilia Payne-GaposchkinScandiumGripMeranoNederland🡆 More