Topologi

Topologi (frå gresk topos, stad og logos, lære) er ei grein av den moderne geometrien.

Denne matematiske disiplinen har tidlegare gått under namnet analysis situs.

Topologi
Eit Möbiusbånd, ein lekam med berre ei overflate og ein kant kan skildrast tolologisk.

Topologien tek for seg topologiske rom (dvs. figurar, lekamar, rom, flater, kurver, osv.) og dei eigenskapane som avheng av korleis det topologiske rommet «heng saman». Eksempelvis er dimensjon ein topologisk eigenskap, medan storleik og plassering er ikkje slike eigenskapar. Topologi er difor kalla gummigeometri.

Eksempelvis er ein kule og ein kube det same topologiske rommet, men begge er ulik ein sirkel.

Topografi handlar om kunsten å skildre topologiske former. Denne greina blei først utvikla for landskap, men er nå utvida til å omfatte både undervannskap og underjordiske formasjonar, med tredimensjonale hologram som foreløpig høgdepunkt.

Definisjon

Ein topologi på ein mengde beskriv kva for delmengder som skal betraktast som opne. Meir presist er eit par Topologi  eit topologisk rom dersom Topologi  er ei mengde og Topologi  er ei mengde delmengder av Topologi  slik at

  • både den tomme mengda Topologi  og Topologi  er i Topologi ,
  • ein vilkårleg union av mengder frå Topologi  er også i Topologi  og
  • eit endeleg snitt av mengder frå Topologi  er også i Topologi .

Delmengdene i Topologi  vert kalla opne, mens eit komplement av ei mengde i Topologi  vert kalla lukka.

Alternativt kan ein topologi bli spesifisert ved å angi ein omegnestruktur.

Døme

  • I den trivielle topologien på ei mengde Topologi  er berre Topologi  og Topologi  opne mengder.
  • I den diskrete topologien på ei mengde Topologi  er alle delmengder opne.
  • I standardtopologien på reelle tal, Topologi , er dei opne mengdene alle union av opne intervall.

Kjelder

  • Seymour Lipschutz: General Topology. Schaum Publishing co., 1965.
  • Arlo W. Schurle: Topics in Topology. Elsevier North Holland, Inc., 1979.
  • Per Holm og Jon Reed: Topologi. Universitetsforlaget 1990.
    Topologi  Denne matematikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Gresk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Arsenal FCMauritaniaXboxHlíðarfjallGunnhild SundliPlatonVulkanar i Italia1. divisjon fotball for mennWikiKallesignalLysFranz LisztMerlionJehovas vitneNorske kommuneblomarBM-21Charlène av MonacoSjøløverKjerringa med stavenDiezeVierslektaPeriferieininga KardítsaIngrid Alexandra av NoregStian AasenFlåten til Det Bergenske DampskibsselskabArian EngebøFrozenRSSGjærKelly ClarksonPeter BoszNasjonaldrikkC++Norsk fonologiAfrikaRakettKevlarStorbritanniaSpedbarnCowboy-LailaHomofiliPeriferieininga SporadaneGlimmerKristopher SchauMidsommarKaptein SabeltannLavaInflasjonWienerklassisismenDigitalJorvikKalambákaHjortSong-dynastietAluminiumHundGeitRimIslandMHomogeniseringKari BakkeChristianiaAthamánesRaudstrupeRichie FaulknerSixteen TonsAnders AuklandVik kommunePedro I av BrasilBu157Vinter-OL 1988KvalsafariTaekwondoDet indiske kastesystemet🡆 More