Tidleg jura (i geologi kalla nedra jura, i Europa ofte kalla lias) er den tidlegaste av tre epokar i perioden jura.
Tidleg jura startar like etter trias-jura-utryddinga (199,6 millionar år sidan) og endar ved starten av mellomjura for 175,6 millionar år sidan.
Etter utryddinga var det lite liv att på jorda, så livet i denne perioden var nokså homogent. Ammonittar, som nesten hadde døydd ut i utryddinga utvikla seg raskt og fylte mange tomme nisjar. Mange marine krypdyr utvikla seg i perioden, som fiskeøgler og svaneøgler. På landjorda dukka fleire nye typar dinosaurar opp, heterodontosaurids, scelidosaurus, stegosaurar og tetanurae, og slo seg saman med grupper som podokesaurus, prosauropoda og sauropodar som hadde overlevd sidan trias. I lag med desse var små kjøtetarar som sphenosuchia og protosuchus. I lufta erstta nye typar flygeøgler dei som døydde ut i slutten av trias. I underskogen var det forskjellige former for tidlege pattedyr.
Jura | ||
---|---|---|
Tidleg/nedre jura | Mellomjura | Øvre/sein jura |
Hettangium | Sinemurium Pliensbachium | Toarcium | Aalenium | Bajocium Bathonium | Callovium | Oxfordium | Kimmeridgium Tithonium |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tidleg jura, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.