Tianjin er ein av fire byar som er direkte underlagt sentralstyresmaktene i Folkerepublikken Kina.
Han ligg i Nordaust-Kina, der fem elvar renn saman og dannar Hai He. Tianjin var tidlegare ein del av provinsen Hebei og grensar til Hebei på alle sider, bortsett frå i nordvest der Beijing ligg. Sjølve byen Tianjin hadde 7 millionar innbyggjarar i 2005.
Tianjin, 天津 | |
---|---|
Uttale | |
Andre namn | Tien-cheng, Tientsin pinyin: Tiānjīn, Wade-Giles: T'iēn-chīn |
Utsyn over Tianjin. | |
Styresmakter | |
Land | Folkerepublikken Kina |
Grunnlagt | 304 f.Kr |
Geografi | |
Flatevidd | 11 920 km² |
Flatevidd - By | 11,760 km² |
Innbyggjarar - By (2009) - folketettleik | 12,281,600 1044.4/km² |
Koordinatar | 39°08′N 117°11′E / 39.133°N 117.183°E |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 300000 - 301900 |
Telefon-retningsnummer | 22 |
Bilnummer | A, B, C, D, F, G, H, J, K, L, M |
Heimeside: http://www.tj.gov.cn | |
Plassering | |
Tianjin består stort sett av sletteland. Her vert dyrka korn, jordnøtter, linfrø, grønsaker og frukt. Her finst også oljeproduksjon, saltutvinning, og ulike typar industri, særleg maskinproduksjon av ulikt slag. Her er også mykje skipstrafikk.
Leiaren for lokalavdelinga til Kinas kommunistparti er Li Hongzhong, og borgarmeisteren er Zhang Guoqing (2019).
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tianjin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.