Det er 106 tettstader i Innlandet fylke (2023).
Av dei kallar desse ti seg by: Hamar, Gjøvik, Lillehammer, Elverum, Kongsvinger, Brumunddal, Moelv, Vinstra, Otta og Fagernes.
60 % av dei som bur i Innlandet bur i tettstadene, medan landsgjennomsnittet er 83 %. 36 % av folkesetnaden budde i ein av dei 10 største tettstadene i 2023.
Ein kommune har ingen tettstad som møter kravet til SSB, dette er Lesja kommune. Nye tettstader frå 2023 er Drevsjø i Engerdal kommune (291), og Vang i Valdres (234). Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for meir informasjon om tettstadomgrepet.
Desse stadene har tidlegare vore definerte som tettstader av SSB, men er det ikkje lenger no. Lista er ikkje komplett.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tettstader i Innlandet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.