Sander er eit mannsnamn, ei kortform av Aleksander.
Sander har namnedag i Noreg den 18. mars.
Sander er opphavleg eit tysk kortnamn. Ei tilsvarande engelsk kortform for Alexander er Xander, uttalt med stemd s.
Sander og Sanders kan òg vera eit slektsnamn. Sandra er eit nærskyld kvinnenamn.
Sander er eit utbreidd førenamn i Belgia og Nederland.
I Noreg auka namnet kraftig i popularitet etter 1995, før bruken sokk igjen på 2000-talet. Ved byrjinga av 2007 var det nær 5 500 som hadde Sander til første fornamn.
I den norske folketeljinga frå 1801 var 61 personar manntalsførte med dette namnet, av dei 25 i Ål i Hallingdal. Det er vanskeleg å seie kor godt folketeljinga syner utbreiinga av dette namnet; prestane, som hadde ansvaret for manntalsføringa, kan ha vald å skrive inn det fulle namnet Aleksander om folk oppgav namnet Sander. I 1900 var det nær 150 som vart manntalsførte med namnet Sander. Namnet var mest bruka i Nordland.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sander, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.