Svartfjes er ein sauerase som stammar fra fjellstrøka i Skottland.
Han vert rekna som den mest hardføre rasen i Storbritannia, og er den mest utbreidde. Svartfjes er kjenneteikna av svarte fjest (som kan ha kvit teikning) og svarte føter med kvit kropp. Begge kjønn har horn.
Rasen har heller kort hale. Kroppen er kort men kraftig. Beina er korte, men sterke. Både vêrar og søyer har horn. Ulla består hovudsakleg av dekkhår og er lang og grov.
Svartfjes blir hovudsakleg brukt til å produsera sauekjøt. Ulla frå sauen blir ofte brukt til å fylla madrassar, til teppe og møbelstoff. Finare ull kan brukast til klede, til dømes Harris-tweed.
Det var ei viss satsing på denne sauerasen på Vestlandet sidan midt på 1800-talet. Johan Schumann innførte ti lam av rasen frå Skottland i 1859. I dag er det lita interesse for svartfjessauen i Noreg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svartfjes, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.