Sutlej (uttalt sˈʌtlidʒ) er ei elv i Sør-Asia med utspring i Himalaya.
Ho er den austlegaste og største sideelva til Indus gjennom Chenab. Sutlej er rundt 1450 km lang, og ei av dei fem elvene som har gjeve namn til Punjab («Femelvlandet»).
Sutlej | |||
elv | |||
Sutlejdalen frå Rampur, cirka 1857 | |||
Land | India, Pakistan | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 395 000 km² | ||
Sideelvar | Beas | ||
Lengd | 1 450 km | ||
Middelvassføring | 500 m³/s | ||
Kjelde | lengst vest i Tibet | ||
Munning | samløp med Chenab | ||
Sutlej 30°50′39″N 81°12′17″E / 30.8442°N 81.2046°E | |||
Wiki Commons: Sutlej River | |||
Elva har utspring ved Rakshastal-sjøen sørvest i Tibet. Ho følgjer ein djup dal som går tvers gjennom heile fjellkjeda og deler Himalaya i vestleg og ein austleg del.
Sutlej er mykje nytta til kunstig vatning og kraftproduksjon. Elva er opphav til to vatningssystem: Sirhindkanalen, som ved Rupar tek vinterflaumen frå Sutlej, og oversvømmingskanalen for øvre og nedre Sutlej i Ferozepur og Bahawalpur nedanfør møtepunktet mellom Sutlej og Bias.
I byrjinga av 1800-talet, då Ranjit Singh herska over Sikh-riket, danna Sutlej ei grense mellom sikhane og områda under Det britiske austindiakompaniet. Sikhstatar sør for elva blei kalla Cis-Sutlej-statar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sutlej, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.