Susanna, Susanne, Susann og liknande namn er kvinnenamn av hebraisk opphav.
Dei kjem alle frå namnet שׁוֹשַׁנָּה [šōšannā], som tyder ‘lilje’. Namnet blei til Sousanna på gresk, Susanne og Suzanne på fransk og Susan på engelsk. Det har òg ei rekkje kortformer.
Namnet er best kjend frå Daniels bok, der det er namnet til ei vakker kvinne som badar og blir sett av to eldre menn. Når ho nektar å ligga med dei skulder dei henne for å ha drive hor med ein ung mann. Vitnesbyrdet deira blir gjennomskua fordi dei to nemner to svært ulike tre dette skal ha skjedd under når dei blir avhøyrt i einerom. Soga har inspirert mange kunstverk.
Det finst òg ei Susanna i Lukasevangeliet (8:1-3). Ho var ei av kvinnene som følgde Jesus.
I den katolske kyrkja er Susanna namnet til ein martyr og helgen frå Dalmatia. Ho skal ha vore dottera til den heilage Gabinus av Roma og niesa til paven Caius. Ho blei halshogd i Roma i 295 under keisar Diokletian.
Namnet har vore brukt i Skandinavia sidan 1200-talet. På 1900-talet blei den franske forma av namnet, Susanne, vanlegare enn den greske forma. Det er i dag rundt 4 000 som heiter Susanne i Noreg, mot rundt 750 med namnet Susann, 650 Susan og 250 Susanna (2005). I Sverige gjekk Susanne gjennom ei popularitetsbølge på 1960- og 70-talet og var ei stund det femte vanlegaste jentenamnet. Ved inngangen til 2005 hadde 50 985 svenskar førenamnet Susanne, medan 12 917 heitte Susanna.
Susan var blant dei ti mest gjevne namna i USA frå 1940 til 1970. Det var det 8. mest brukte kvinnenamnet i 1990, men er i dag mykje mindre brukt.
Susanne har norsk namnedag den 16. juli. Susanna har svensk namnedag den 11. august medan Susanne ikkje lenger har namnedag. Også i andre land er det vanleg å feira namnedagen den 11. august, fordi den katolske kyrkja feira den heilage Susanna denne dagen. Ho blei teken ut av den katolske helgenkalenderen i 1969.
Susanna er eit oratorium i tre delar av Händel.
Susanne er òg namnet på ein dansk film frå 1950 og ein svensk film frå 1960.
«Oh! Susanna» er ein kjend amerikansk song frå 1840-talet. I nyare tid har Leonard Cohen brukt namnet i songen «Suzanne» og Espen Lind i «When Susannah cries (she cries a rainstorm)».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Susanne, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.