Stortingsvalget 1888 blei halde hausten 1888 i Noreg.
Det var eit indirekte val der ein valde ut valmenn som igjen valde dei 114 representantane til Stortinget. 128 368 menn og ingen kvinner hadde røysterett. Av dei røysteføre røysta 90 416, det vil seia at valoppsluttinga var på 70,4 %.
Valet gav stor framgang for partiet Høgre. Venstre hadde nett fått ei avskalling til høgre då Moderate Venstre vart danna kort tid før valet. Denne grupperinga, som var den lågkyrkjelege delen av morpsrtiet, fekk ein betydeleg del av røystene og saman med Høgre velta dei Sverdrup-regjeringa i 1889. Emil Stang d.e. danna deretter det første ministeriet sitt.
Parti | Prosent av røystene (%) | Endring i høve til 1885 | Mandat1 | Endring i høve til 1885 |
---|---|---|---|---|
Høgre | 38,1 | +1,6 % | 49 | +19 |
Moderate Venstre | 19,9 | +19,9 % | 24 | +24 |
Venstre | 42,0 | -21,4 % | 37 | -47 |
Total | 100 | 114 | 0 |
1I tillegg var det 4 representantar med ukjent eller uklar partitilhøyring.
I vala før 1906 kunne ein røysta på fleire kandidatar. Dessutan var kandidatane ikkje alltid knytt til eit parti. Difor blir fordelinga av røysteme mellom partia noko skjønsmessig.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stortingsvalet 1888, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.