Stockholmskaka er ei svensk småkake av mørdeig med bringebærsyltetøy i midten og hakka mandel rundt kanten.
Kakene blir laga av ein utkjevla mørdeig av mjøl, sukker, smør og eggeplomme. Denne blir forma til ein rull som ein dekker med hakka mandlar og så deler i skiver. I midten av kvar skive lagar ein ei fordjuping som ein fyller med syltetøy før ein steiker kakene. Det er ukjend kvifor kakene er kalla opp etter Stockholm.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stockholmskaka, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.