Komedie er nemninga på eit dramatisk stykke som hovudsakleg er morosamt.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Det har vore rekna som ein av dei to viktigaste hovudsjangrane innan teaterkunst, med tragedien som den andre. Ordet komedie kjem frå dei greske orda komos som tyder gilde og ode som tyder song.
Forskarane er noko i villreide når det gjeld opphavet til komedien. Den klassiske komedien vart utvikla i det gamle Hellas, og er knytt til Dionysosfestane. Komedien var meint å vera morosam, og stilte ofte ut folks lyter og mistak. Den fremste komedieforfattaren i Hellas var Aristofanes.
Frå Hellas og vidare til Roma skil komedietradisjonen seg i to hovudgreiner. Den eine legg vekt på ordspel og grov humor, gjerne knytt til avføring og seksuelle drifter. Aristofanes utvikla denne greina til ei kunstform. Den andre greina var meir situasjonsbasert, og tufta moroa på forveksling, rollebyte og forvirring. Ein av dei mest kjende forfattarane innanfor denne komedietypen var romaren Plautus. Etterkvart kunne komediantane nytte båe typar i eit skodespel, og nokre gonger vart komiske roller skrivne inn i tragisk-historiske skodespel. Dette syner seg ofte hjå William Shakespeare, som snikra i hop mange velkjende komediar av Plautus-typen.
Forma i komedien er oftast knytt til dei same lestene som tragedien, med fem aktar, vendepunkt og løysing. Men i komedien er regelen oftast at skodespelet endar med bryllaup, og i forvekslingskomedien kjem det ofte inn ein fråverande tredjeperson som løyser konflikten og ryddar opp.
Komedien kan ofte vera sosialkritisk, og set mange gonger vante verdiar på hovudet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Komedie, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.