Ein sovekommune er ein kommune der ein stor del av arbeidstakarane i kommunen pendlar til andre kommunar.
Namnet kjem av påstanden om at innbyggjarane stort sett nyttar kommunen for å sova. Eit anna, meir positivt lada, ord for det same er «bukommune».
Det er vanlegvis kommunar som ligg nær dei store byane som blir kalla sovekommunar, fordi mange av innbyggjarane der arbeider i byen. Bykommunane pressar ofte på for kommunesamanslåingar med dei nærliggjande sovekommunane for å ta del i skatteinntektene frå arbeidstakarane.
Fransk har eit liknande uttrykk: «ville-dortoir» («sovesalby»).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sovekommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.