Songen Black Sabbath

«Black Sabbath» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Black Sabbath, skriven i 1969 og gjeven ut på det sjølvoppkalla debutalbumet deira i 1970.

Black Sabbath
Song av Black Sabbath
frå albumet Black Sabbath
Utgjeve 13. februar 1970
Innspelt 16. oktober 1969
Sjanger
Lengd 6:16
Selskap Vertigo
Komponist Ozzy Osbourne, Tony Iommi, Bill Ward, Geezer Butler
Tekstforfattar Geezer Butler, Ozzy Osbourne, Tony Iommi, Bill Ward
Låtskrivar(ar)
Produsent Rodger Bain

I 1970 vart songen gjeven ut på A-sida av ein 4-spors 12-tommars singel med «The Wizard», «Evil Woman» og «Sleeping Village», for Philips Records-selskapet Vertigo. I Japan og Filippinane vart det gitt ut ein 7-tommars singel på Philips med «Evil Woman, Don't Play Your Games with Me» på A-sida og «Black Sabbath» på B-sida.

Historie

Ifølgje bandet vart låten inspirert av ei oppleving som Geezer Butler hadde i tida med Earth. Butler, som på den tida var besett av det okkulte, måla leilegheita si mattsvart og plasserte fleire oppnedkross og bilete av Satan på veggene. Ozzy Osbourne gav Butler ei svart okkult bok, skriven på latin og dekorert med mange bilete av Satan. Butler las boka og la ho deretter på ei hylle ved sida av senga før han la seg til å sova. Då han vakna, hevdar han at han såg ein stor, svart skikkelse stå ved sengekanten og stira på han. Skikkelsen forsvann, og Butler løp til hylla der han tidlegare hadde plassert boka, men boka var borte. Butler fortalde denne historia til Osbourne, som deretter skreiv teksten til songen basert på Butlers oppleving. Songen startar med teksten:

What is this that stands before me?
Figure in black which points at me.

Ein versjon av denne songen frå den første demoen til Black Sabbath finst på samlealbumet The Ozzman Cometh av Ozzy Osbourne. Songen har eit ekstra vers med ekstra vokal før brua. Gitaren og bassen er stemd ned eitt heiltrinn, noko som resulterer i at toneleiet A blir spelt på gripebrettet, men har tonehøgd som G (oktav - D flat) for lyttaren. Det er ein av dei mest spelte låtane til bandet og har vore med på kvar einaste turné i løpet av karrieren.

Harmoni

Steve Huey frå AllMusic seier at låten er eit døme på at Black Sabbath har henta den blå tonen frå den vanlege pentatonisk bluesskala og utvikla eit heavy metal-riff. Hovudriffet er ein inversjon av ein tritonus, konstruert med ein harmonisk progresjon som inkluderer ein forminska kvint/forstørra kvart. Dette intervallet er ofte kjent som diabolus in musica, for det har musikalske kvalitetar som ofte blir brukte til å indikere sataniske konnotasjonar i vestleg musikk. Låten «Black Sabbath» var eit av dei tidlegaste døma i heavy metal på bruk av dette intervallet, og sidan har sjangeren gjort utbreidd bruk av diabolus in musica.

Riffet vart til då bassisten Geezer Butler byrja å spela eit fragment av «Mars» frå Gustav Holst-suiten Planetane. Inspirert kom gitarist Tony Iommi tilbake dagen etter med den berømte mørke tritonen.

Hovudriffet i «Black Sabbath» er eit av dei mest kjende døma på harmoniske progresjonar med tritonen G-C:

Songen Black Sabbath 

Mottaking

«Black Sabbath» vart rangert som den nest beste Black Sabbath-låten av Rock - Das Gesamtwerk der größten Rock-Acts im Check. Han vart rangert som den beste låten i Black Sabbath-diskografien frå Ozzy Osbourne-tida av Loudwire. I 2020 rangerte Kerrang! låten som nummer éin på lista si over dei 20 beste Black Sabbath-låtane, og i 2021 rangerte Louder Sound låten som nummer tre på lista si over dei 40 beste Black Sabbath-låtane. I mars 2023 plasserte «Black Sabbath» seg på førsteplass på Rolling Stone si liste over dei 100 beste heavy metal-songane gjennom tidene.

«Black Sabbath» var den siste låten som vart spelt av rockestasjonen WAAF i Boston den 22. februar 2020, den siste sendedagen. Ifølgje den mangeårige WAAF-programleiaren Mistress Carrie vart songen vald fordi «albumet kom ut nokre veker før me slutta å senda, og Ozzy gav ut eit nytt album same dag som me slutta, og han er den einaste artisten som har vore aktuell i alle dei 50 åra me har sendt, og vel... SATAN. Viss EMF skulle ta det elska signalet vårt, måtte dei tola Satan først.»

Musikkvideo

Det vart laga ein musikkvideo til låten, som ein del av framferda til bandet på det tyske programmet Beat-Club i 1970. Videoen vart filma i eit studio med ein landsby i forgrunnen.

Coverversjonar

«Black Sabbath» har vorte covra av følgjande band:

  • Flower Travellin' Band i 1970, på albumet sitt Anywhere.
  • Type O Negative i 1994, til Black Sabbath-hyllestalbumet Nativity in Black.
  • Vader i 1994, på albuma sine Sothis og Future of the Past.
  • Amber Asylum i 2000, på albumet sitt The Supernatural Parlour Collection.
  • Iced Earth i 2002, på albumet Tribute to the Gods.
  • Van Helsing's Curse i 2004, på albumet Oculus Infernum.
  • Gonga i 2014, med triphop-musikaren Beth Gibbons (under låtnamnet «Black Sabbeth»).
  • Sampelet av Ice-T i låten «Midnight» frå 1991-albumet O.G. Original Gangster.

Kjelder

Tags:

Songen Black Sabbath HistorieSongen Black Sabbath HarmoniSongen Black Sabbath MottakingSongen Black Sabbath MusikkvideoSongen Black Sabbath CoverversjonarSongen Black Sabbath KjelderSongen Black SabbathBlack SabbathBlack Sabbath av Black SabbathEvil Woman av CrowHeavy metalThe Wizard av Black SabbathVertigo Records

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VaskebjørnSaint Andrew Parish på JamaicaTranebærVM i fotball 20221998Strålingsbalansen til jordaNéos MylótoposPanterCristiano RonaldoHerpes simplexvirusNederlandBuddy HollyBananDaddelFreddie MercuryCataloniaKattaMånenHal LindesAlbumet That'll Be the DayGjærHeartbreak HotelEli Kari GjengedalFilmserien Harry PotterParisNasjonaldyrLillaUngarnEBayYAkslaKusymreRussell CroweEgersundJoe BidenIngmar BergmanRBetongKrokketBBC Scottish Symphony OrchestraKielkanalenKirsti SparboeFiskebankeFinlandAlaskaHinduismenLitauenCarles PuigdemontIndonesiaThe Star-Spangled BannerAnd1917I Fought the LawDown to the WaterlinePlantarSvartehavetMaginotlinaMaroon 5TrikktrakkAugaKarplantarSovjetunionenPortalGauderOffisielt språkSaint-DizierGallo pintoHufsaValdresGardasjøenBrennverdiMedianBrighton Rock av QueenBulgariaHovudsidePotet🡆 More