Sola ruinkyrkje er ei kyrkje i Sola kommune.
Kyrkja var lenge rekna som ein ruin. Kyrkja har seinare vorte bygd opp att med tak.
Sola ruinkyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Roar Johansen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Tungenes | ||
Sokn | Sola | ||
Fellesråd | Sola | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Louis Kloster | ||
Sola ruinkyrkje 58°53′28″N 5°36′41″E / 58.89098°N 5.61129°E | |||
Wiki Commons: Sola ruinkirke | |||
Kyrkja var opphavleg bygd på tidleg 1100-talet og var i bruk som soknekyrkje til 1842, då det vart reist ei ny soknekyrkje i tre. Gamlekyrkja vart då ståande som open ruin fram til marinemålaren Johan Jacob Bennetter i 1871 kjøpte murane og laga seg bustad og atelier av dei. Bygget stod som bustadhus fram til 1907 då det igjen vart ståande som ruin. Slik stod det fram til 1940 då den tyske krigsmakta syrgde for å rive murane.
I perioden 1992-1995 vart kyrkja rekonstruert under leiinga til arkitekt Louis Kloster.
Kyrkja er eigd av Sola kommune og vert mykje nytta til vigsler og konsertar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sola ruinkyrkje, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.