Smackwater Jack
So Far Away Singel av Carole King frå albumet Tapestry | ||
A-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | Mars 1971 | |
Innspelt | Januar 1971 i A&M Recording Studios | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:55 | |
Selskap | Ode/A&M Records Epic/SME Records | |
Låtskrivar(ar) | Carole King | |
Produsent | Lou Adler | |
Carole King-kronologi | ||
«It's Too Late» / «I Feel the Earth Move» (1971) | So Far Away | «Sweet Seasons» (1971)
|
«So Far Away» er ein song skriven av Carole King, utgjeve i 1971 på albumet hennar Tapestry. James Taylor speler akustisk gitar på songen.
Teksten uttrykker lengsle etter ein kjæraste som er langt unna. Men Allmusic-kritikaren Bill Janovitz skreiv at medan teksten startar med å fokusera på den fysiske avstanden mellom kjærastar, bruker teksten det som eit startpunkt for òg å utforska kjenslemessig avstand mellom kjærastar. Rolling Stone uttalte at King sin «varme, seriøse vokal» på songen brakte fram vonløysa i songen. Cash Box sa om det at «Carole vev ein praktfull ballade spunne av mjuke, melodiske fraseringer og beroligande pianoakkompagnement toppa med den suverene Lou Adler- produksjonen.» I 2017 rangerte Paste songen på fjerdeplassen på lista si over dei 12 beste Carole King-låtane, og i 2022 rangerte American Songwriter songen på andreplassen på deira liste over dei 10 beste Carole King-låtane.
I tillegg til Taylor, og King på piano, vart songen spelt inn med Russ Kunkel på trommer, Charles Larkey på bassgitar og Curtis Amy på fløyte.
Vekeslister
| Årslister
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article So Far Away av Carole King, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.