Snøggmat

Ulike typar snøggmat:

Snøggmat eller snarmat er omsetjingar av det engelske omgrepet fast food, og vert brukt om ferdig tillaga varm mat som ein kan bli servert i enkle kaféar, buer eller liknande. Maten har fleire fordelar; han er billig, godt likt av mange, både rask å få tak i og rask å eta, men får òg mange klager, som at han er usunn eller øydeleggjande for tradisjonell matkultur.

Snøggmat
Ein mann i Mussoorie står klar til å raskt blanda ulike ingrediensar og laga indisk snøggmat.

Mattypen har utvikla seg i samband med det moderne samfunnet, der folk går meir ut for å jobba eller hygga seg, og samstundes bruker mindre tid i heimen. I tillegg til å lagast fort kan han òg etast fort, noko som passer til ein travel kvardag. Mykje av snøggmaten kan òg etast utan bestikk, noko mange opplever som enklare. Så enkelt er det at det er blitt sett fram klager om at ungar som et mykje snøgmat, ikkje lærer å bruka bestikk i det heile.

Utsalsstader

Snøggmat 
Ein McDonald's i St. Petersburg.

Det finst mange sjølvstendige utsal som sel snøggmat, som kioskar og bodar, men verdsmarknaden er prega av store, gjerne multinasjonale kjedar som serverer heilt lik mat overalt. Dette konseptet vart funne på av McDonald's, som er den klart største slike kjeda.

I tillegg til å eta slik mat ute, er det òg blitt populært å ta han med seg frå ein «take-away» eller få han levert heim til seg, slik at ein ikkje eingong treng gå ut av huset for å eta snøggmat.

Helse og miljø

Snøggmat 
Feitthaldige pommes frites og kyllingbitar frå KFC.

Grunnen til at snøggmat vert rekna som usunn er at han ofte inneheld svært mykje feitt og salt, og lite av viktige næringsstoff. Ein kropp som hovudsaklege lever på snøggmat, vil etter kvart forfalla, noko som mellom anna blei illustrert i dokumentarfilmen «Super Size Me», om ein mann som berre levde på mat frå McDonald's i ein månad.

Produksjon og kjøp av snøggmat fører òg ofte til press mot miljøet. Utstrekt bruk av emballasje, tallerkar, glas og bestikk som berre kan brukast éin gong sløser med råvarer og energi, og fører til forsøpling. Store krav om ein viss type råvare, så billig som mogleg, kan leia til umenneskelege tilhøve og slaktemåtar for dyra som skal bli snøggmat.

Som ein reaksjon mot snøggmat har ein fått ei rørsle for sein mat, Slow Food, som legg vekt på tradisjonell, økologisk mat som tek lang tid å laga og nyta.

Bakgrunnsstoff

Snøggmat  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Snøggmat

Tags:

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MenneskekraftIndre KvarøyWaylon JenningsElvis PresleyNato-alfabetetRomeo and Juliet av Dire StraitsTuk-tukBolsjevikHjortetakksaltKrokketFjols til fjellsHovdyrStillitsTidssoneIt Doesn't Matter AnymoreHovudsideSérresVM i fotball 2006ISSNVietnamKolkataKirunaHina Rabbani KharDen apostoliske truvedkjenningaGotlandSaint LuciaHandball-VM 2013 for kvinnerYacouba Isaac ZidaJimmy WalesVictoria av StorbritanniaShine av Natália KellyIslandMaud av NoregLudwig van BeethovenHarald EiaGauderBangladeshCosta RicaAlbumet Hotel CaliforniaDiskografien til QueenSkjærtorsdagOh, Boy! av Buddy HollyI Feed You My LoveHinduismenAnne-Sophie MutterMusikkgruppa BlondieBjørn EidsvågVladimir PutinGabrielle LeithaugBrothers in Arms av Dire StraitsDet japanske herrelandslaget i fotballChampions LeagueHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorLuminansFærøyaneMarina OvsiannikovaMaroon 5Lāsma KaunisteHarry PotterGrenadaVériaPulitzerprisenWe Will Rock YouHamrinsjøenDet norske alfabetetTrude DrevlandNattverdHTMLPeriferieininga ThessaloníkiDag HammarskjöldØrnGåsVladimir VysotskijKristina av SverigeEgil ØstenstadCyanGet Lucky av Mark Knopfler🡆 More