Slepp nynorsken til! er ein underskriftskampanje som vart arrangert av Noregs Mållag i 2005.
Føremålet med kampanjen var å leggje press på dei to største riksavisene i Noreg, Dagbladet og Verdens Gang, for å få dei til å fjerne det redaksjonelle forbodet mot at journalistar får skrive på nynorsk.
Aksjonen vart avslutta på Det Norske Teatret 22. oktober 2005 der Gudleiv Forr frå Dagbladet fekk overlevert 36 017 underskrifter mot nynorskforbodet i riksavisene.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Slepp nynorsken til!, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.